Pensjonistforbundet-Logo

Surnadal pensjonistlag melder:

Tid for mobilisering: Pensjonistane fortener betre!

Fire år på rad har pensjonistane i Noreg mista kjøpekraft. I år enda trygdeoppgjeret med NULL.

Pensjonistforbundet krev forhandlingsrett på pensjon, inntektsvekst på linje med yrkesaktive og at trygdeoppgjera skal handsamast i Stortinget.

Pensjonistane opplever den same prisvekstenpå straum, mat og drivstoff som alle andre, og vi meiner set er sjølvsagt at pensjonistane skal ha den same inntektsveksten.

Den 6. juni kl. 1200 samlar Pensjonistforbundet sine medlemmer og støttespelarar til demonstrasjon framfor Stortinget. Pensjonistane utgjer nær ein million av innbyggjarane i landet, så no er det på tide å markere at vi ikkje lenger vil ha denne ulike handsaminga!

Det vert appellar, kulturinnslag og fellesskap. Alle pensjonistar som har høve til det må stille opp. Rindal Pensjonistlag annonserer på Trollheimsporten at det går bussar frå Trondheim til Oslo om morgonen den 6.6.

Politikarane har ansvaret for at den pensjonen du har spara opp gjennom eit langt yrkesliv vert mindre verdt, år for år. Vi må fortel dei at det ikkje kan halda fram!


Surnadal Pensjonistlag
Kristian Ranes, styreleiar