Fredag
Fredag Skyet
11°
Skyet
Frisk bris
Lørdag
Lørdag Delvis skyet
13°
Delvis skyet
Lett bris
The Tramps_350x237

Arkivdykk i det nordmørske musikklivet

The Tramps - der det heile starta for Henning Sommerro

Henning Sommerro si musikalske karriere starta lenge før surnadalingen fekk sitt gjennombrot med Vårsøg. Allereie som 11-åring i 1963 debuterte han saman med gruppa The Tramps på Helselaget sin basar, der ein av kommentarane var "Jæven hakke, karra, det høres akkurat ut som Beatles!"


Trollheimsporten presenterer med jamne mellomrom utdrag frå Plekterfesten.no, ei flott og innhaldsrik side om det nordmørske musikklivet. Denne gongen er turen komen til Henning Sommerro sin musikalske barndom i The Tramps, gruppa som seinare tok namnet Mad Movies - som så vart til Vårsøg.

Bildet viser The Tramps i 1963 eller 1964. Frå venstre Bjarne Stenberg, Alf Olav Fiske, Ola Skei, Jarl Skei og Henning Sommerro.

Det heile starta med at Henning og Ola møttest i 1963 med kvart sitt trekkspel. The Beatles var blant dei store heltane den gongen. Ola kjøpte seg ein kassegitar, og saman med Bjarne og Jarl var The Tramps ein realitet. Etter kvart vart Alf Olav med på rytmegitar, og det vart kjøpt elektriske gitarar både til Henning og til Ola.

Bjarne slutta i bandet og Henning og Ola byrja å komponere songar saman. Dei deltok mellom anna i ein popkonkurranse på Sunndalsøra i august 1966, med den sjølvlaga "Can't you see, Mary Ann" og Pussycats-melodien "Boom Boom Boom Boom". Der var Vidar Lønn Arnesen konfransier, og det vart ein god andreplass på The Tramps, berre slått av The Ghost Gang fra Oppdal.

Seinare skifta gruppa namn til Mad Movies, der Knut Blekken etter kvart vart med på gitar. Da Jarl Skei slutta, kom Johnny Gausemel med på trommer og namnet vart Vårsøg. Dette kan du lese meir om på Plekterfesten.no, der du også kan sjå fleire bilder av The Tramps. Mad Movies og Vårsøg.

I tillegg kan du høyre unike opptak av The Tramps frå 1963/64 og Mad Movies frå 1967/68. Desse opptaka, som Plekterfesten.no har fått låne av Ola Skei, er gjort på ein låve og nokre er innspela i matsalen i forsamlingshuset Trudvang i Surnadal.

Tips en venn Skriv ut