- Torsdag 24.05 Barnegolf Surnadal Golfpark
- Torsdag 24.05 Torsdagsgolf Surnadal golfpark
- Torsdag 24.05 Vårsøghelga: Opning med Gullvåg
- Torsdag 24.05 Fotball: Rindal FK J14
- Torsdag 24.05 Vårsøghelga: Teater NonStop
- Fredag 25.05 Vårsøghelga: Magnhild
- Fredag 25.05 Vårøghelga: Opptog
- Fredag 25.05 "Tor med hammeren"
- Fredag 25.05 Kleivakvelden
- Fredag 25.05 "Men in black 3"
The Rogues - rindalsk popmusikk frå den gang da
Arkivdykk i det nordmørske musikklivet
Trollheimsporten presenterer med jamne mellomrom utdrag frå Plekterfesten.no, ei flott og innhaldsrik side om det nordmørske musikklivet. Orkesteret på bildet er The Rogues frå Rindal, som vart starta i 1964 og som spela alt frå popmusikk til gammaldans - men Sven Ingvars var nok favorittmusikken.

The Rogues besto av (f.v. på bildet) Leif Arne Ljøkjell (sologitar, vokal), Kåre Tørset (rytmegitar, vokal), Lars Bakken (trommer), Kari Solvik (trekkspill, orgel) og Harald Solvik (bass).
Dei hadde spelejobber frå Kristiansund i vest til Harran i nord (Namdalen), og vart også engasjert ein gong av skikongen Gjermund Eggen til å spele i Engerdal. Ei avis hadde reportasje om oppdraget: "Den kjente gruppen The Rogues fra Rindal, som er veldig populær her i dalføret, vil i morgen spille i Engerdal. Det er ingen ringere enn Gjermund Eggen som har fått istand denne turen, i det han opptrådte sammen med Rogues på Å nylig. Han ble da så imponert over gruppen, at han ville de skulle komme til hjembygda hans for å spille. Det er altså nå i orden. Så får vi bare håpe at guttene spiller opp mot sitt beste, og at veien til storkarriere innen popbransjen blir enda lettere etter denne turneen."
På plekterfesten.no kan du sjå fleire bilder av bandet. Der finn du også ei stor oversikt med presentasjonar med tekst, bilder, plakatar og lydfiler av andre lokale orkester frå 1950/60-talet og fram til i dag.






























