Før kampstart

Surnadal IL fotball

Tap i NM-kvaliken

Surnadals seniorlag fekk besøk av Eide & omegn i NM-kvalifiseringen på Amfi park onsdag kveld. Dei fekk tøff motstand på den sleipe kunstgrasmatta og måtte til slutt strekkje våpen i ein jamnspelt batlje.

Det var ein våt og kald kveld som ikkje innbydde til finfotball, men kunstgrasmatta var heilt ok og spele på, tross regn og kun eitpar varmegrader. Kampen starta nervøst  med lange ballar frå forsvarsrekka på begge lag. Kombinert med sleipt underlag, gjorde dette til at det blei mykje feilpasningar og lite konstruktivt angrepsspel. Vi måtte venta heilt til det 25. min før vi fekk kveldens første sjanse. Den var det bortelaget som sto for, men heimelaget fekk rydda unna nærast på målstreken. Derifrå, og omgangen ut, hadde heimelaget god kontroll og byrja å spele kula meir langs matta, og dei var fleire gonger farleg frampå foran Eides burvoktar. Spesielt Sander Smevoll var nær ved å føre heimelaget opp i leiinga før pause, men det ville seg ikkje. Men dei småfrosne tilskodarane som hadde møtt opp, fekk i allefall sjå tendensar til god angrepsfotball, noko som lova godt til andre omgang.

Andre omgang starta på verst tenkjelege vis; heimelaget somla med å få klarert ballen frå eige felt, og bortelagets spiss snappar ballen og set den bak ein ellers patent Mattis Fiske i buret. 0 -1. Surnadal fortsette å køyra på og fekk belønning for strevet. På frispark frå omlag 20 meters hald, greide Stein Todalshaug å overlista Eides sisteskanse og utlikna til 1 - 1. Todalshaug var for øvrig ein av heimelagets beste saman med Knut Ola Høvik. Dei viste at dei var kapable til å behalde roen og halde ballen langs bakken. Etter scoringa blei det mest stillingskrig, men forsatt hadde heimelaget det meste av trykket uten at dei skapte dei heilt store sjansane.

Då det var berre nokre minutt att før full tid, somla heimelaget på ny i forsvar og ein umarkert Eide-spelar fekk all verdas tid til å setje ballen i mål. 1- 2. Heimelaget køyrde på dei siste minutta, men makta ikkje å scora og bortelaget kunne sleppe jubelen laus.

Dette var motstand som var overkommeleg for vertane, så vi får sjå korleis det går når dei skal møtes på til seriekamp seinar i vår.

Kamfakta: Surnadal - Eide/omegn   1 - 2 (0 - 0)

Surnadals lag: Mattis Fiske,Tore Bæverfjord, Knut Ola Høivik, Vegar Brøske, Lars Mogstad, Stein Todalshaug , Dan Blekken, Petros Simon Bokre, Ola Heggset, Sander  Smevoll og Amen Gebrehiwet Hailu.  Benytta reservar: Erik Kvendset Andersen og Sindre Hyldbakk Kvande

 Mål: Stein Todalshaug 53.min.

Gult kort: Vegar Brøske, Knut Ola Høvik og Sindre Hyldbakk Kvande.

Høvik.JPG
Knut Ola Høvik

NM-kvalik.JPG
Regntungt på Amfi park.

Trenerduo.JPG
Trenarduoen Webjørn Holten og Espen F. Vraalsen diskuterar grep som må gjerast.