IMGP7342-001

Tankar i sorga

Søndag kveld var det musikkandakt/minnegudsteneste i Øvre Rindal kapell. Det solosong ved Marit Løfaldli, alt, og Irene Snuruås, sopran, akkompagnert av kantor Johanne Bjørkøy. Ho spela også orgelstykke. Her er tekstmeditasjonen Lene Gåsvatn delte:

 

Tekstmeditasjon, Øvre Rindal kapell 11/11-18.

Musikkandakt/minnegudsteneste.

Matt 5,13-16

13 Dere er jordens salt! Men hvis saltet mister sin kraft, hvordan skal det da bli gjort til salt igjen? Det duger ikke lenger til noe, men kastes ut og tråkkes ned av menneskene.
    14 Dere er verdens lys! En by som ligger på et fjell, kan ikke skjules.15 Heller ikke tenner man en oljelampe og setter den under et kar. Nei, man setter den på en holder, så den lyser for alle i huset. 16 Slik skal deres lys skinne for menneskene, så de kan se de gode gjerningene dere gjør, og prise deres Far i himmelen!

 

-  Du tek vel til å koma over dødsfallet til Knut no?

Det var ein kamerat som spurte far min ei tid etter at han hadde mista einaste bror sin. Og far svarte med ein overbevisning av dei sjeldne: Veit du, den sorga kjem eg aldri over.

Far hadde bestemt seg. Og dermed vart det så han bar sorga over bror sin livet ut.

Det er ikkje enkelt å kvitte seg med sorg. Og sanneleg om eg veit om det tener til noko, heller. I alle fall så lenge sorga er fylt med vemot over tapet og kjærleik til han – eller henne – som gjekk bort. Vanskelegare blir det om sorga er dobbel, så ho også rommer sorg over alt som ikkje vart bra, over krenkingar og fråvær av godheit.

Og er det så sikkert at dei gjekk bort? Skal tru om dei ikkje heller kom heim? Om dei er borte frå oss, så er dei heime hjå Gud.

Så veit me det og kan trøyste oss ved tanken på at håpet er tjora i noko som er meir varig enn vår flyktige og mangslungne tilværelse. Håpet er spikra fast til eit kors. Håpet er lagt i grav. Og håpet er like levande som Jesus er levande.

Me veit nok alle vårt om kor enkelt og nesten ubemerkeleg mørkret kan ramme oss i mellomgolvet, i tankane, i følelsane, i verdsanskuelsen. Følelsane seier håpløyse. Eksistensen seier stopp. Det er for vondt og vanskeleg, alt i hop. Me har ikkje lengre noko kraft, som saltet skulle ha. Me er ikkje lengre brukbare til noko som helst.

Og kven snakka om lys, forresten? Kan vel den som opplever mørkret vera lys for anna folk? Jesu snakk om lampe og haldar blir berre for ein vits å rekne.

Og like fullt: De er saltet på jorda. De er lyset i verda. Orda vart sagt til disiplane og dei gjeld nok for oss også, i vår del av tida.

Når Jesus talar på dette viset, manar han oss ikkje til å ta ut krefter me ikkje har, vri ut styrke som ikkje er å oppdrive. Det blir vel – her som elles – heller eit spørsmål om å ta imot:

Ta imot krafta frå Jesus og ta imot lyset frå Jesus og lata under skje også der lageret var tomt og håpet borte.

Så er det så godt når me omgås dei store orda som går på levande håp og livets lys at dei står der uavhengig av våre følelsar. Det er sant nok, sjølv om me ikkje ser det sjølve.

Når kjem me over ei sorg? Det er ikkje sikkert me skal over - i ein evig kamp mot tyngekrafta. Det kan vera me skal under i staden. Så kan me som har våre tendensar til å grava oss ned og ned ha ei setning frå velsignelsen i mente: Herren løfte sitt åsyn på deg og gi deg fred.

Me er aldri så langt nede at ikkje Herren sjølv er under oss. Aldri for langt nede til å kunne kvile i han som bèr – også når me sjølve er tynga av sorga over tapet og sorga over alt som ikkje vart.

2018-11-11 20.30.52.jpg
Desse medverka under minnestunda: klokkar Elsa Jensvold, diktlesing, Irene Snuruås, sopran, Johanne Bjørkhaug, kantor, Marit Løfaldli, alt og sokneprest Lene Gåsvatn, tekstmeditasjon og liturg.
2018-11-11 11.30.04.jpg
Prosjektkoret til kantor Johanne Bjørkhaug med songarar frå Meldal og Rindal deltok under minnegudstenesta i Rindalskirka på føremiddagen med vakker song.