terje talgø_250x170

Talgø overtek dør-fabrikk i Nordland

Talgø Invest og administrerande direktør Terje Talgø (bildet) inngjekk torsdag intensjonsavtale med Bindal kommune i Nordland om å kjøpe kommunen sine aksjar i Bindalsbruket for ein halv million kroner. Alt tydar dermed på at Talgø Invest blir ny eigar av bedrifta Trenor Dører. Før ein eventuell kjøpekontrakt skal underteiknast i mars, må Bindal kommune gå inn i bedrifta med eit ansvarleg lån samt eit konvertibelt lån. Samla sum er på seks millionar kroner.

Kommunestyret i Bindal tok avgjerda i eit ekstraordinært møte torsdag, skriv banett.no

Bindal kommune har vore hovudaksjonær i 35 år. – Da kommunen vart eigar den gong, var det heilt sikkert eit riktig val med gode hensikter. No har vi vore eigarar lengje nok. For det er naturleg at ein eigar bidreg aktivt til drifta. Både med kapital og framtidsretta tankar. Eg tenkjer at no kan kommunen få drive med det vi skal, og det handlar ikkje om industri, sier Bjørnli.

Samtidig som dette skjer, permitterer Talgø fem medarbeidarar ved møbelfabrikken i Todalen. Les meir om det her.