Øvre rindal skole

Ta vare på nynorsken!

Sjølv om eg ikkje er rindaling, tillet eg meg å kome med eit innspel før den komande avstemminga i Øvre Rindal, skriv Trond Skogseth i eit lesarinnlegg på Trollheimsporten. - Den første setninga røpa nok kva som vil vere bodskapet mitt, og eg skal prøve å grunngje kort kvifor eg håpar rindalingane vil stemme for nynorsken.

For meg er nemleg dette sjølve målspørsmålet: Vil vi ta vare på nynorsken? Mange, med tunge representantar for ”makta” i Oslo i spissen, vil ikkje det. Dei meiner mykje ville vore greiare, enklare og billegare utan nynorsk som forstyrrande språkelement. Og viss vi som ikkje snakkar tilnærma riksmål/bokmål støttar dei i dét synet, så seier det seg sjølv; da vil nynorsk snart bli eit interesseant apropos i historia vår, om ein litt sær sunnmøring som meinte at det ikkje var rettferdig at nordmenn måtte uttrykkje seg på eit lettare omskrive dansk. Men: delar vi Aasen sitt syn om at vi treng eit norsk språk som betre respekterer og gjenspeglar opphavet vårt og dei ordrike dialektene vi har her i landet, og som gir desse dialektene ein felles plattform, bør vi – i kommunar som Rindal -- hjelpe ungane til å kunne få bruke nynorsk som eit aktivt hovudmål.

Den oppblomstringa som skriving på dialekt har fått gjennom sms og på nett er interessant. Mange tykkjer at det er framandt og tungvint å uttrykkje seg på standard norsk. Dette er kanskje forståeleg, men samtidig ville det vore utfordrande, uoversiktleg og i alle fall ressurskrevande, viss alle dialekter skulle ha laga seg sine eigne skriftnormer. I nynorsk har vi allereie fått ein felles og fleksibel plattform, som vi som brukar nynorsk meiner er det næraste vi kjem å kunne å uttrykke oss skriftleg på dialektene våre. Eg vil oppfordre alle nordmøringar og trønderar til å ta i bruk nynorsken og kan love mange ei aha-oppleving.

Etter å ha brukt nynorsk i mange år ville det idag vore fjernt for meg å starta eit personleg innlegg som dette, med: ”Selv om jeg ikke er fra Rindal, tillater jeg meg å komme med et innspill før den forestående avstemningen...”. Oppfordringa mi er difor, kjære rindalingar: Tal dialekt – stem nynorsk!

Med beste helsing, Trond Skogseth