2018-05-24 09

Sykkelkontroll og sykletesting

Torsdag gjennomførte 6. klasse på Rindal skole den praktiske delen av den årlege sykkelkonkurransen til NAF og Trygg Tafikk. Olav Halse og Ola Dalsegg frå Surnadal og Rindal lensmannskontor var til stades og kontrollerte syklane.

2018-05-24 09.40.47.jpg

Hals og Dalsegg kunne med eit smil melde at ingen måtte møte på lensmannskontoret for å vise syklane sine etterpå.

Det er imponerande å sjå kontrollen elevane har på syklane sine under øvingane som du ser bilde av lengre nede..

Fredag skal klassen ha den teoretiske prøven, og den er visst ikkje så enkel. Dei som tenkjer seg vidare til distrikts- og landsfinale må nok ligge langflate og pugge trafikkreglar neste døgn!

Idun Meisingset frå Mo og Jon Kristoffer Bolme frå Rindal vann distriktsfinalen i fjor.

Indre Nordmøre avdeling av NAF arrangerer kvart år denne sykkelkonkurransen der det blir kåra ei jente og ein gut til å representere distriktet i ein landsfinale.

Nedafor ser du yngre elevar øve seg til det blir deira tur til å delta i konkurransen.

IMGP5023.JPG
Balanseøving med svingar. Tidtakaren sprang ved sida heile tida og kontrollerte.

IMGP5024.JPG
Vippeplanken er passert!

IMGP5025.JPG
Ballen skal frå bordet ned i bøtta  -

IMGP5026.JPG
-  og det vart treff!

IMGP5028.JPG
Stopp! Trekjeppen som låg over bøttene skulle ikkje rørast!