Picasa

Swingande salmer

Biskop Ingeborg Midttømme avslutta ein lang visitasdag i Rindal med songkveld i Rindal Menighetshus der dei fleste stolane var i bruk. Programmet var som dei vanlege songkveldane i Rindal. Salt & Pepper hadde ordna salen i lag med foreldra sine og laga til kveldsmat.

IMGP1768_690x377.jpg

Sat & Pepper er alltid flotte både å sjå og høre, og i haust er det mange nye i dette barnekoret.

Husbandet 2015-09-23_690x344.jpg

Allsangen, livleg akkompagnert av Husbandet, fylte godt opp i menighetshuset. Ingen kunne merke at dei hadde øvd berre ein times tid i lag dei tre, Espen Selbæk (piano) og brødrene Lillegård (slagverk og bass). Dei fekk verkeleg liv i allsongen!

IMGP1758_690x336.jpg

IMGP1774_690x460.jpg

Blæst'n hadde ingen problem med å fylle menighetshuset med tonane sine. Når dei introduserte You'll never walk alone, var dei nøye med å presisere at den melodien ikkje er ein fotballsong, men ei hymne frå Boadwaymusikalen Carousel.

Det var truleg somme i salen som likevel sendte tankane til ein fotballbane.

IMGP1775_690x427.jpg

Høgdepunktet var likevel når Blæst'n framførte sin versjon av Jan Johansons Visa från Utmyra. Der fekk i alle fall Magne Lillegård leike seg lett og elegant på trommesettet.

Biskop Ingeborg Midttømme på menighetshuset_690x459.jpg

Sjølvsagt fekk vi ei helsing frå biskopen! Og før pausen kom ho med oppmoding om å komme til gudstenesta i Rindal kirke søndag, for da hadde ho tenkt at vi skulle få synge salmen "Du er mi øy i havet, Gud" til tone frå Rindal, einaste soknet i bispedømmet som ikkje grenser til sjøen! Teksta er forresten av surndalingen Sverre Hatle.

Tekst/foto: OleT