DSC_2879

Svorka - eit mangslungent energiselskap

​At «Svorka» er eit mangslungent energiselskap, fekk dei 30 deltakarane frå Senioruniversitetet godt innblikk i under det innhaldsrike bedriftsbesøket 16. oktober.

Etter ei omvisning på det flotte hovudbygget frå 2009 på Skei, fekk deltakarane ei god orientering ved Leif Roger Bergheim og Bård Andreassen.

«Svorka» er organisert i 5 «føter»: nettselskap, straumleveransar, straumproduksjon, breiband og TV, og installasjon, og til saman dreier det seg om 80 tilsette, om lag 14 000 kundar og ei omsetning på rundt 250 millionar. Dei største eigarane er Surnadal kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune, men også Rindal og Halsa er blant eigarane, og vil fortsette som det også etter endringane i kommune- og fylkesstrukturen.

Deltakarane fekk ei interessant innføring i aktuelle utfordringar innanfor dei ulike greinene, og det vart tydeleg at det er urolige tider for energiselskapet, m.a. med meir uroleg klima, ønske om auka straumproduksjon, stor ekspansjon når det gjeld breiband og TV, og nasjonal utgreiing om moglege endringar i skattevilkåra for energiselskap som vil svekke økonomien for eigarkommunane.

DSC_2886.jpg

Etter ein god lunsj var dei fleste deltakarane også med på ein tur til Enge og Valsøyfjord kraftverk. Turen opp til Englivatnet og orienteringa ved demninga der vart eit ekstra flott høgdepunkt i det vakre landskapet og haustveret.

EHA
 

Tekst: Eivind Hasle
Foto: Helene Nergård