margrethe svinvik og lilly gunn nyheim 1500

Svinvik tok over for Nyheim

Torsdag vart det nye kommunestyret i Surnadal konstituert, og det er dermed offisielt: Margrethe Svinvik (Sp) er ordførar i Surnadal kommune.

Svinvik tek over ordførarklubba etter Lilly Gunn Nyheim (Ap), og Senterpartiet har dermed ordføraren i Surnadal for første gong sidan Bergsvein Brøske gjekk av i 2007.

Sidan Surnadal, Stangvik og Åsskard vart slått saman til ein kommune i 1965, har kommunen hatt 11 ordførarar, før Svinvik torsdag vart nummer 12 i rekkja. Ho fekk med seg partikollega Hugo Pedersen som varaordførar.

Den nye ordføraren er den femte surnadalsordføraren frå Senterpartiet, etter Olav T. Halle, Nils Magnar Torvik, Ola O. Fiske og nemnde Brøske. 

Under konstitueringa torsdag var alle dei 27 nye kommunestyremedlemmane til stades. Avtroppande ordførar Lilly Gunn Nyheim starta med å oppsummere den siste fireårsperioden, før ho takka for godt samarbeid og ønska etterfølgjar Svinvik lykke til i ordførarjobben.

margrethe svinvik og lilly gunn nyheim 690.jpg
Påtroppande ordførar Margrethe Svinvik og avtroppande ordførar Lilly Gunn Nyheim.
 

Svinvik sitt ordførarkandidatur vart deretter samrøystes vedteke ved akklamasjon. Sp-toppen starta med å takke Nyheim for jobben ho har gjort for kommunen, og ho takka og både veljarar og politiske kolleger og motstandarar for ein god valkamp.

Ho oppmoda deretter det nye kommunestyret til å halde ein god tone i kommunestyret, og trakk mellom anna fram viktigheita av å leie Surnadal gjennom det grøne skiftet, og å prioritere velferdstenestene i kommunen. 

– Vi folkevalte skal vere ombodsmenn, og representere alle som bur i Surnadal. Difor må vi vere lydhøre og eg har stor tru på at vi, med dei folkevalte vi har i dag, har ein god miks av kunnskap og erfaring. 

– Vi skal ta vare på folk, på fellesskapet og på Surnadal, sa Svinvik, og fortsette:

– Eg lovar å vere ein god ordførar for heile Surnadal. Eg vil lytte, og saman med kommunestyret jobbe hardt til det beste for kommunen. 

– Så til alle både i salen og alle ute i bygda; tusen takk for tilliten!

margrethe svinvik og hugo pedersen 1 690.jpg
Ordførar Margrethe Svinvik og varaordførar Hugo Pedersen.
 

På agendaen torsdag stod og å velje representantar til formannskap og dei ulike utvala, for dei neste fire åra. Dette vart gjort ut i frå eit fellesforslag frå Sp, Ap, H, FrP, MdG og SV - alle partia i kommunestyret.

Før ordførarvalet vart formannskapet valt slik:

1. Margrethe Svinvik (Sp)
2. Hugo Pedersen (Sp)
3. Eli Vullum Kvande (MdG)
4. Nils Håvar Øyås (Sp)
5. Helge Røv (Ap)
6. Rakel Polden (Ap)
7. Tor Rune Halset (H)

Varamedlemmar for 1-4:

1. Bernt Venås
2. Bergsvein Brøske
3. Tove Mogstad
4. Nils Petter Tonning
5. Janne Husby Haugen
6. Kari Evensen

Varamedlemmar for nummer 5-6:

1. Jorid Aarvåg
2. Odd Asbjørn Bævre
3. Laila Buskenes Aune
4. Ingrid Bergheim Andersen

Varamedlem for nummer 7:

1. Ole Joar Bruset

Kontrollutval:

1. Ola Magne Nordvik (H), leiar
2. Sondre Ormset (Sp), nestleiar
3. Mali Hildrun G. Settem (KrF)
4. Odd Arild Sande (Ap)
5. Ann Elin Stenberg (Ap)

Varamedlemmar:

1. Henrik Blekken (MdG)
2. Hilde Haugrud Nordtiller (Sp)
3. Håvard Fiske (Sp)
4. Maret Heggset (H)
5. Lars E. Polden (Sp)
6. Egil Nedal (Ap)

Hovudutval for Helse og omsorg:

1. Laila Buskenes Aune (Ap), leiar
2. Johs. J. Vaag (FrP), nestleiar
3. Ingebrigt G. Moen (Sp)
4. Ragnhild Ansnes Moe (Sp)
5. Silje Beate Gulbrandsen Holten (Sp)
6. Olav Bergheim (Ap)
7. May Iren Dønnem Hovde (H)

Varamedlemmar for nummer 2-4:

1. Else B. Andresen
2. Håvard Halset
3. Oddvar Mikkelsen Tellesbø
4. Lisa Forslund
5. Ole Peder Holten
6. Trude Enoksen

Varamedlemmar for nummer 1 og 6:

1. Bitten Ranes
2. Elise Einum
3. Johan Rangnes
4. Helge Røv

Varamedlemmar for nummer 7:

1. Ole Georg S. Øye
2. Tor Rune Halset

Hovudutval for oppvekst:

1. Tove Mogstad (Sp), leiar
2. Bernt Venås (Sp), nestleiar
3. Kari Evensen (Sp)
4. Edvard Bele Sæterbø (Sp)
5. Jorid Aarvåg (Ap)
6. Ingrid Bergheim Andersen (Ap)
7. Ole Stensby (SV)

Varamedlemmar for 1-4:

1. Elise Brøske
2. Gunda Bele
3. Stian Faksnes
4. Erling Solem
5. Lone Kvande Brøske
6. Tore Sannes

Varamedlemmar for 5-6:

1. Ella Bolme
2. Helge Røv
3. Bente Mosbakk
4. Johan Rangnes

Varamedlem for 7:

1. Inger Johanne Iversen
2. Karina Kalvik
3. Marie Halset

Hovudutval for miljø, areal og teknikk:

1. Ragnar Halle (Sp), leiar
2. Janne Husby Haugen (Sp), nestleiar
3. Erik L. Moen (MdG)
4. Gunnhild J. V. Bøe
5. Annett Ranes (Ap)
6. Odd Asbjørn Bævre (Ap)
7. Ole Joar Bruset (H)

Varamedlemmar for 1-4:

1. Arne Heggset
2 Nina Kolltveit Sæter
3. Trygve Roaldset
4. Marit Henriette Moe Sandberg
5. Tonje Larsen Faksnes

Varamedlemmar for nummer 5-6:

1. Eva Jorid Svendsen
2. Jon Bruset
3. Olav Bergheim
4. Bitten Ranes

Varamedlemmar for nummer 7:

1. Ove Magne Aasen
2. May Iren Dønheim Hovde
3. Ole Georg S. Øye

Administrasjons- og arbeidsutval (kommunestyret vel tre arbeidsgjevarrepresentantar):

1. Lars Inge Kvande (Sp), leiar
2. Nils Petter Tonning (FrP), nestleiar
3. Bente Mosbakk (Ap)
4. Rådmannen oppnemner ein tilsett
5. Rådmannen oppnemner ein tilsett

Varamedlemmar for nummer 1-2: 

1. Kjell Gunnar Polden
2. Janne Husby Haugen
3. Tonje Larsen Faksnes
4. Tove Mogstad

Varamedlemmar for nummer 3:

1. Johan Rangnes
2. Reidar Brøske
3. Odd Asbjørn Bævre

Representantar til Kommunenes Sentralforbund:

Representant 1: Margrethe Svinvik (Sp)
Representant 2: Annett Ranes (Ap)

Vararepresentant 1: Hugo Pedersen (Sp)
Vararepresentant 2: Tor Rune Halset (H)
Vararepresentant 3: Nils Håvar Øyås (Sp)
Vararepresentant 4: Rakel Polden (Ap)

Eigarrepresentantar i Remidt IKS: 

Eigarrepresentant: Margrethe Svinvik (Sp)
Varamedlem 1: Hugo Pedersen (Sp)
Varamedlem 2: Tor Rune Halset (H)