Svinvik Gard Kristina og Tore

Svinvik Gard gjenåpnar fredag: – Eg går berre rundt og smiler

Etter to månader med koronastengt, åpnar Kristina og Tore Svinvik dørene til Svinvik Gard igjen. Kristina fortel at krevande tider og usikkerheit no er bytta ut med ekstrem pågang og fulle hus til langt ut i juni.

Ingressfoto: Kristina og Tore Svinvik (Arkivfoto).
 

– Pågangen har vore heilt sinnssjuk. Vi har fått veldig, veldig mange forespurnader, så det er ingen tvil om at folk svelt etter sosialisering. No må vi faktisk langt ut i juni før vi har ledige bord å tilby, seier Kristina Svinvik.

Fredag held Svinvik Gard altså ope for første gong sidan koronarestriksjonane vart innført 12. mars, og Kristina fortel at ho og mannen Tore sett veldig stor pris på den store pågangen frå folk.

– Vi er så takksame for at folk viser så stor interesse. Eg trur folk er veldig bevisste på å bruke lokale aktørar, og ønskjer at vi skal bestå. Folk var flinke til å bruke oss før og, men no er dei kanskje endå flinkare. Det håpar vi fortsett, seier Svinvik.


Usikkerheit bytta ut med glede

Dei to siste månadane har vore prega av usikkerheit og tøffe tak for drivarane av Svinvik Gard.

– Det er inga hemmelegheit at det har vore krevande. Vi har ikkje drive i eitt år ein gong, og i og med at ingen ka vite kor lenge koronasituasjonen varar, har vi jo til tider vore usikre på om det å starte opp i heile tatt var lurt, seier Kristina, og fortsett:

– Ein blir ganske skeptisk når heile Noreg og resten av verda verdt stengt ned, for ein er ganske sårbar når ein driv med det vi gjer. Samtidig veit vi at det er ein sjanse vi har teke, og det gjer det ekstra godt når ein endeleg kan åpne, og responsen er som den har vore.

No er endeleg tvilen bytta ut med glede for Kristina og Tore Svinvik.

– Gleda eg føler no kan ikkje beskrivast, eg går berre rundt og smiler, seier Kristina.

Ho presiserer at det no er ei forsiktig opning dei skal i gang med, og at dei følgjer alle dei gjeldande smittevernreglane.

– Drifta blir ikkje heilt som før, men restauranten er heldigvis såpass stor at det ikkje er noko problem med tilstrekkeleg avstand mellom borda. Kapasiteten ved åpninga fredag vil vere på rundt 20 personar, og det er eit fint tal for oss, seier Svinvik.


Skal bygge ny flytebrygge i Svinvika

Tida inn mot gjenopning har vorte bruka godt, mellom anna på å finne mange nye leverandørar og på å hente inn råvarer.

– Det har tilspissa seg heile denne veka, men det har ikkje vore noko latmannsliv sidan 12. mars, heller, akkurat, ler Kristina, som fortel at det mellom anna har vore bruka mykjy tid på å komponere ein ny, spennande meny.

Svinvik trur at det grundige arbeidet som vert gjort på førehand, er med på å skape ei god oppleving for gjestane.

– Vi tek ingen snarvegar, og jobbar ganske mange timane før gjestane kjem i hus. Det trur eg visest att i menyen og. Vi er stolte av det vi leverer, og det skal skine gjennom. Og vi ser jo at dei som har vore her før, veldig gjerne kjem att.

Om ikkje lenge startar bygginga av ei ny flytebrygge i Svinvika. Den skal gjere det lettare for gjestar å komme dit med båt. Svinvik Gard opplever nemleg stadig større interesse frå folk reiser langt for å oppleve garden og restauranten.

– Vi held på å få eit godt rykte og utanfor nærområdet, så eg trur vi har eit produkt her, som folk vil oppleve, seier Svinvik, som og tilbyr mulegheita for å halde konferansar for opp til 20 personar i restauranten.

– Ja, og vi tek gjerne imot fleire til konferansar på vekedagar, sidan restauranten primært er open frå onsdag til laurdag, sier ho, før ho skundar seg å legge til:

– Men vi held ope måndag og tysdag og vi, altså, dersom nokon ønskjer det.
 

Lokalt samarbeid er alfa og omega

Det står altså ikkje på verken serviceinnstilling eller kvalitet når Svinvik Gard no åpnar dørene igjen, og Kristina er klar på kva som vert nøkkelen framover:

– Det er å alltid arbeide for å verte endå betre. Blir vi for fornøgde med det vi allereie gjer, har vi tapt. Så vi skal berre fortsette jobbinga og marknadsføringa, og gjere alt vi kan for å heile tida utvikle oss.

Eit viktig element Svinvik Gard brukar for å utvikle seg, er lokalt samarbeid.

Kristina avslører at det fredag står kje frå Oddvar Mikkelsen på nabogarden på menyen, i tillegg til sjøkreps henta opp på Haltbakkan utanfor Nordvik, av Erling Åsbø.

– Vi har og vaktelegg frå Trond Håskjold, og eg vil og trekkje fram rømme og yoghurt frå Todalen Meieri. Dei har utruleg gode produkt, som vi brukar gjennom heile menyen vår.

Svinvik Gard er ei av dei mange lokale bedriftene som er med på det pågåande RISS-prosjektet i regi av Innveno, og Kristina er klar på kor mykje samarbeid med andre lokale aktørar betyr for dei:

– Lokalt samarbeid er alfa og omega for oss, og det er veldig viktig å ha ein slik kontakt med andre aktørar frå nærområdet. Historia om kvar maten kjem frå er ein stor del av opplevinga vi tilbyr, seier ho.

Svinvik Gard Kristina2.jpg
Kristina Svinvik sett stor pris på at folk i lokalsamfunnet er flinke til å bruke Svinvik Gard, og fortel og om stadig fleire henvendingar frå folk som reiser langt for å oppleve restauranten (Arkivfoto).

Kristina Svinvik, Tore Svinvik og Allan Troelsen 1500
Svinvik Gard fekk Surnadal Sparebank sin utviklingspris under Surnadal Sparebanks Næringslivsdag 2020, ei veke før koronarestriksjonar førte til at dei måtte halde stengt i litt over to månader (Arkivfoto).


Svinvik Gard er medlem av Trollheimsporten.