Header1

Gatebilfestival 2018

Svidd gummi på biltreff

Nordmøre gatebilklubb arrangerar gatebilfestival i Surnadal denne helga, og i ein eim av svidd gummi, sliten clutch, og nysteikt hamburger, fekk dei mange frammøtte både sjå og høyre på doningane.

Vèret var optimalt med delvis overskya og fin temperatur, og publikum strøymde på. Her var det motoriserte framkomsmiddel av alle slag å sjå. Både til årskomne og nye doningar sto og skein om kapp med sola, som til tider braut gjennom skylaget. Fleire av bilane var å sjå på "burne- banen" der publikum fekk sjå kreftane som budde i bilane. Til tider var heile plassen full av rauk, og det gjekk heilt klart med nokre dekk-sett! Det var òg ei avdeling for lastebil, traktor, motorsykkel og det var bilstereodemonstrasjon. I det heile noko for einkvar bil- og motorinteressert! Då Trollheimsporten besøkte treffet var det allereie kome mykje folk og bilar og det var tilløp til kø ved inngangen!

Amason.JPG
Ein klassisk Volvo Amason av det vakre slaget!

Amason motorrom.JPG
Lite oljesøl i motorrommet, for å seia det slik!

DAF.JPG
Gamal DAF

Fiat 127 orginal.JPG
Fiat 127 i "orginal-skick"...

Fiat 127 Racing.JPG
....og ein i racing-utførelse!

Litt av en bil.JPG
Bil og litt av ein bil! Tøft!

Burgergrilling.JPG
Røde Kors sto for "burger-flippinga"

Diesel-burn.JPG
Mercedes diesel-burn!

Rekke med Opel.JPG
Fleire årgangar Opel.

Mustang.JPG
Råskinn! Mustang GT

Bmw- burn1.JPG
BMW`en får køyrt seg på spølar-banen.

vW boble.JPG
VW Boble. Legg merke til takgrind med rullebrett og koffert! Ein fin cal-look dette!

2Fast burn.JPG
Skodde? Neida, berre ein hissig BMW som rasar frå seg!

Skifte av hjul.JPG
Dette bakhjulet har teke kvelden....

Masse biler og folk.jpg
Mykje køyrety og folk.

Nordmøre Gatebilklubb er medlem av Trollheimsporten