Mandag
Mandag Delvis skyet
14°
Delvis skyet
Flau vind
Tirsdag
Tirsdag Klarvær
13°
Klarvær
Svak vind
Ferge over fjorden i Monte Negro

Montenegro - Crna Gora

Svartfjellandet

Montenegro er plutseleg eit aktuelt land for Norge. Dette vesle fjellandet med fjell opp til over 2500 meter ligg ved Adriaterhavet og er mindre enn Sør Trøndelag og har under 700 000 innbyggarar. Laurdag skal Norge møte landslaget deira i handball i OL-finale!

Derfor viser eg nokre bilde som eg tok under ein tur innom Montenegro i juli.

Vi køyrde innover den einaste store fjorden inn til middelalderbyen Kotor, og på vegen tilbake køyrde til og med med ferge! Mykje til felles med fjellandet Norge.

Så får vi sjå korleis det går i handballfinalen. Begge laga har i alle fall bortebane i London, sjølv om dei norske jentene har nådd toppen før, så kan jentene frå Montenegro vise oss god handball laurdag.

 

Bildet t.h. er av ein handdreven påhengsmotor/båtmotor som var utstilt i museumsdelen av kyrkja Our Lady of the Rocks.

OleT

Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som bildeserie!

          

Ferge over fjorden i Monte Negro
Ferge over Kotorbukta i Montenegro
1-IMGP7440
Øya til høgre er kunstig, og du kan lese om den ved å google Our Lady of the Rocks - namnet på kyrkja
1-IMGP7447
Middelalderbyen Kotor er på verdarvlista til UNESCO og konkurrerer med Dubrovnik om cruiseskipsanløp.
1-IMGP7446
Gatebilde frå Kotor
IMG_3547
IMG_3545
Bymuren til Kotor går høgt oppover fjellsida
2-IMGP7451
3-IMGP7456
Kanskje nokon kjenner denne restauranten i kurbyen Igalo
Utsikt frå Restaurant Levanger i Igalo
Utsikt frå Restaurant Levanger i Igalo. Levanger er vennskapsby med Igalo.
Tips en venn Skriv ut