tp_leserinnlegg

Svar på lesarbrev fra Henrik Aasbø

Vi som bor på bygda er berre nødt til å akseptere at folk forsvinn ut av bygda, og det er alt for mykje forlangt at folk som drar ut for å studere skal dra heim på trening. Ein og annan slengaren kjem att, men dei fleste kjem aldri att.

Så får vi håpe at vi har lagt eit grunnlag for at dei kan ha glede av fotballen dit dei kjem. Det samme gjeld i Taekwon-Do miljøet der eg har 30 års erfaring med å instruere i Surnadal. Eg må sei det er moro at dei med fartstid frå Surnadal vinn VM for Sverige! Det er sjølsagt lettere dette i ein individuell idrett der ein ikkje er så avhengig av å samtrene eit lag.

Samtidig må vi forstå at ungdommar ønsker å prioritere andre ting enn trening. Det viktigste er å skape glede med det ein gjer, så kjem personleg utvikling, sosial kompetanse og viss vi er heldige - prestasjon. Men å komme langt opp i divisjonane i eit lagspel ute i ei bygd der det mesta ikkje bor folk mellom 19 og 27 år, er vel å tru på julenissen. Surnadal greide det ein gong med herrelaget, i tillegg til at damelaget var i toppen, men det var ei anna tid for damefotballen. Utruleg nok var Todalen også relativt høgt oppe på herresida ei stund, men da hadde dei ein rik, nyskapande og overentusiastisk" onkel" som heitte Finn Talgø. Det må faktisk vera arbeidsplassar for fotballspelarane, for proffar blir vi neppe her ved foten av Trollheimen.

Både vi som trenarar og ungdommar som trener, må få ta sine valg. Vi kan vera uenige eller enige, men mitt mantra for alle er at " ditt liv er ditt valg", og da er det fort å gje seg med idrett viss ein begynner å presse sitronen. Det er bedre med fleire med stor entusiasme og glede enn å skape nokre få vinnarar. Det kan gå an å få til begge deler individuelt, men lag...

Surnadal har eit relativt sterkt Taekwon-Do miljø, men vi klarer heller ikkje å stille reint klubblag ( og da trengs berre fem personar) på seniorsida til NM i år, slik vi gjorde for nokre år sidan. Det bekymrar meg igrunn lite, så lenge eg ser folk kose seg på trening. Og er det mange nok som deler gleda, så kan det bli lag med tida også. For vi har som Henrik Aasbø skriv, utruleg mange talentfulle ungdommar i Surnadal. Men som seniorar flyttar dei fleste vekk ein del år. Da er det heilt vesentleg at vi har hatt dei i eit miljø dei ønsker å komme tilbake til, dersom livssituasjonen er slik at dei kan det. Og for å lykkast må vi ha lokal forankring. Eg er enig med Henrik i at det er lurt med impulsar frå naboklubbar og dyktige trenarar. Men å ha trenar som pendlar mellom Surnadal og Oslo er vel uansett fagleg tyngde litt " overkill".

Kjell Gunnar Polden