Arnhild 1_1024x727

Svært spennande å vera med

Arnhild Foseide Fagerhold tykkjer det er svært spennande å få vera med og bygge opp Trollheimsporten. Ho er styreleiar og greier ikkje anna enn å skryte. - Den er ufatteleg bra! I alle fall slik eg ser det samanlikna med andre nettstader, seier ho.

Ufatteleg bra
Arnhild Foseide Fagerholt kom til Rindal saman med mann og barn i 2000 og har opplevd dugnadstida i Trollheimsporten heile vegen. - Trollheimsporten blir vi avhengig av og heile tida har den vore ufatteleg bra. Det som er bygd opp gjennom dei første ti åra er svært imponerande, seier ho.

Sjøl fekk ho no være med som styreleiar over på ny plattform og over frå dugnad til AS - ei bedrift som skal forsvare ein økonomi. - Det hadde ikkje nytta å fortsette på dugnadsbasis med litt betaling til hovedredaktøren og vaktene. Da hadde vi ikkje kome vidare. Vi må innsjå at vi har slitt ut nok folk, som har stått på døgnet rundt,  fortel ho.

- Sjå kva vi no har oppnådd. Vi har skapt arbeidsplassar, tilsaman nærare 2,5 stillingar i dag. Vi har utvida området frå berre Rindal til å omfatte Surnadal i tillegg - både stoffmessig og ikkje minst håpar vi å få fleire medlemmer og annonsørar frå Surnadal. Potensialet er enno stort, seier Arnhild Foseide Fagerholt.

- Vidare har Trollheimsporten utvikla seg med meir journalistikk. Det er vi glade for, men samtidig legg vi stor vekt på å fortsatt vera i nær kontakt med brukaren. Derfor oppfordrar vi alle til å bidra på Trollheimsporten med tips og bilder. Terskelen er svært låg. Alle kan bruke redaktor@trollheimsporten.no og nå fram, seier ho.

No håpar Trollheimsporten i tillegg på mange helsingar i anledning jubileet - send desse til redaktor@trollheimsporten.no - gjerne både tekst og bilder frå ulike delar av distriktet.

Her finn du alle redaktørane på Trollheimsporten i dag under Velkommen På Trollheimsporten og Redaktører.

Alt jubileumsstoffet på Trollheimsporten i dag finner du også under Velkommen På Trollheimsporten på den grå menylinja når du er på hovedsida. Finn da linken Trollheimsporten 10 år og du er der.

I tillegg er det kanskje nokon som ønsker å bli med oss vidare inn i framtida. Da oppfordrar styreleiar Arnhild Foseide Fagerholt om å bli medlem - klikk herDu finner alle medlemmene her.