valstyret[1]

SV forbi KrF etter opptelling av dei 67 siste stemmene i Surnadal

Tysdag klokka 17.00 møttest valstyret i Surnadal for å telle dei siste 67 stemmene i kommunestyrevalet. Sp fekk flest også av desse, med 22, medan MDG og SV gjorde det sterkt, med henhaldsvis 14 og 7 stemmer. Dermed enda SV på to stemmer fleire enn KrF, og tek over mandatet deira. Resten er uendra.

I tråd med vallova vart ein del førehandsstemmer teke ut og blanda med seint ankomne poststemmer. Det var desse 67 som vart talt og fintalt tysdag, og resultatet av dei vart slik:

Senterpartiet: 22
Arbeiderpartiet: 15
Miljøpartiet De Grønne: 14
Sosialistisk Venstreparti: 7
Høyre 4
Fremskrittspartiet: 2
Blanke stemmer: 3

Dette gir følgende total for valget i Surnadal:

Senterpartiet 1375+22 = 1397 stemmer
Arbeiderpartiet 891+15 = 906 stemmer
Høyre 223+4 = 227 stemmer
Fremskrittspartiet 186+2 = 188 stemmer
Miljøpartiet De Grønne 148+14 = 162 stemmer
Kristelig Folkeparti 77+0 = 77 stemmer
Sosialistisk Venstreparti 72+7 = 79 stemmer

Blank 13+3 = 16 stemmer

Mandatfordelinga blir dermed slik:

SP 13
AP 8
H 2
FrP 2
MDG 1
SV 1

Her er namna på dei 27 som kom inn i kommunestyret.