Fredag
Fredag Skyet
Skyet
Svak vind
Lørdag
Lørdag Sludd
Sludd
Liten kuling
tp_leserinnlegg

Surnadal treng fleire omsorgsbustader

Surnadal kommune har dei seinare åra redusert talet på institusjonsplassar betydeleg. Det starta med nedlegging av 15 plassar ved Stangvik aldersheim. Deretter blei 5 sjukeheimsplassar nedlagde. Så blei ytterlegare 8 sjukeheimsplassar nedlagde etter kommunestyrevedtak 14. desember 2017. Med dette er det til saman blitt 28 færre institusjonsplassar på få år i Surnadal! Det er no 62 plassar ved Surnadal sjukeheim. Dei siste blei lagd ned i september i fjor.

Einingsleiaren ved sjukeheimen orienterte nyleg kommunestyret om kvaliteten på tenestene som brukarane av sjukeheimen får. «Vi får mange positive tilbakemeldingar frå pårørande», sa einingsleiaren. Ei brukarundersøkjing dei siste åra har også vist det same. Dette høyrest bra ut.

Når dette er sagt vil eg peike på kor viktig det er at pårørande ikkje slit seg ut i arbeidet med å ta seg av omsorgstrengande eldre familiemedlemer. Kommnunen må trå til med nødvendig avlasting når situasjonen krev det, og omsorgslønna bør og vere på eit brukbart nivå.

Det er ei omstilling på gang. Kommunen er i ferd med å vri eldreomsorga over frå institusjonsbasert omsorg til heimebasert omsorg. Og Surnadal er flink på heimebasert omsorg. Kommunen har tilsette innan pleie- og omsorgstenesta som gjennomgåande utfører ein framifrå jobb, ingen tvil om det!

Det er behov for fleire omsorgsbustader i kommunen. Det er nedsett ein plan- og byggekomite, med Ingebrigt G. Moen som leiar. Komiteen skal på kort tid gjere sitt for å sørge for at det til hausten kan settast i gang arbeidet med oppføring av omsorgsbustader i nærleiken av sjukeheimen. Underskrivne er av eldrerådet vald til vere med i denne komiteen. Ei arbeidsgruppe (ad hoc-utval) er av plan- og byggekomiteen nedsett for å sjå nærare på dei ulike sidene ved oppføring og drift av dei planlagde, framtidige omsorgsbustadene på Skei. Arbeidsgruppa har avgrensa funksjonstid og skal arbeide med ei konkret problemstilling. Ein slik måte å jobbe på, ser eg på som nyttig og fornuftig.

Surnadal er i ein spesiell situasjon når det gjeld utfordringane innan eldreomsorga. Kommunen er mellom dei kommunane i fylket som i følgje framskrivingstal frå Statistisk Sentralbyrå har størst auke i talet på eldre i høg alder. Dette har leiar i fylkeseldrerådet og leiar i helseutvalet i Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal, Jon Skarvøy, peika på ved fleire høve. Når ein så veit at når andelen av dei eldste eldre aukar blir det fleire demente mellom oss. Desse kan i mange høve ikkje bu åleine i eigen bustad. Kommunen må sørge for at det i åra som kjem blir nok sjukeheimsplassar. Det held ikkje å berre satse på heimebasert omsorg.

I avisa Driva av 27. februar (s.8) kan ein lese at Surnadal kommune gjekk på eit underskott på 15 millionar kroner i 2018. Dette er ein situasjon som tilseier stram økonomistyring i tida frametter, vil eg tru. Det er å håpe at eldreomsorga ikkje blir skadelidande.

 

Johs. J. Vaag

Tips en venn Skriv ut