Tirsdag
Tirsdag Regn
Regn
Flau vind
Onsdag
Onsdag Delvis skyet
Delvis skyet
Lett bris
kq ingress 3

Surnadal til landsfinalen i Klassequizen

I ein nervepirrande fylkesfinale mot Nordlandet ungdomsskole frå Kristiansund, sikra Amund Pihl Strand, Synnøve Aukan Meisingset og Magnus Sæter Surnadal ein 10-9-seier. Laget er dermed klare for landsfinalen i Oslo, som ein av to fylkesvinnarar i Møre og Romsdal.

Ingressfoto: Ove Magne Aasen.

Spenninga levde til siste spørsmål då quizlaga til Surnadal ungdomsskule og Nordlandet ungdomsskule møttest til fylkesfinale i NRK-konseptet Klassequizen onsdag.

Konkurransen består av fire kategoriar med tre spørsmål i kvar, og etter tre kategoriar og ni spørsmål stod det uavgjort, 7-7.

I siste kategori var Surnadal sin trio, Amund Pihl Strand, Synnøve Aukan Meisingset og Magnus Sæter, sterkast, og vann 10-9.

Det betyr at dei er ein av to fylkesvinnarar, som skal representere Møre og Romsdal under dei TV-sende landsfinalane.

Den andre fylkesvinnaren blir kåra torsdag, då Vatne ungdomsskule og Atlanten ungdomsskole skal gjere opp om den andre og siste landsfinaleplassen.

Innspelinga av landsfinalane skjer 8.-12. april, medan dei vert sendt på NRK 13. april og fire påfølgande laurdagar.

kq3.png
Magnus Sæter (f.v.), Synnøve Aukan Meisinget og Amund Pihl Strand med beviset på at dei er fylkesvinnarar i Klassequizen 2019 (Foto: Ove Magne Aasen).

Tips en venn Skriv ut