Fredag
Fredag Skyet
Skyet
Svak vind
Lørdag
Lørdag Sludd
Sludd
Liten kuling
sander smevoll

Surnadal-tap i generalprøven

Laurdag tapte Surnadal 2-4 borte mot KIL/Hemne i det som var laget sin siste treningskamp før dei møter Sunndal i 1. kvalifiseringsrunde til NM neste søndag. – Neste helg er vi klare, seier trenar Webjørn Holten.

Surnadal sitt A-lag i fotball for herrar spelte laurdag sin fjerde treningskamp for året.

Tidlegare i oppkøyringa hadde surnadalingane tapt 1-3 for Orkla 2, spelt 1-1 mot Kvass/Ulvungen og vunne 6-1 over Røros - denne gongen tok blåtrøyene turen til den nyåpna Sodvinhallen på Kyrksæterøra.  

KIL/Hemne spelte i fjor i same 4. divisjonsavdeling som både Orkla 2 og Røros, og enda på 9. plass. Der var dei seks plassar, men berre fire poeng, bak Orkla 2, og fem poeng framfor Røros, som avslutta fjorårssesongen som nummer 10.


Fire baklengs før pause

Surnadal får ein tøff start på kampen, når KIL/Hemne-spelar Daniel Kaald Estrin får kjempetreff og dunkar inn 1-0 til heimelaget etter berre fem minutt.

Ikkje lenge etter, dreg Sindre Fiske seg flott inn frå høgrekanten og fyrar av, men avslutninga går over mål. Nykommar Elvijs Jansons prøvar seg og med eit skot frå like utanfor 16-meteren, men keeper reddar.

Etter 25 minutt set Håkon Aarvaag inn 2-0 til KIL/Hemne på direkte frispark frå like utanfor 16-meteren, og det neste kvarteret bølgar spelet fram og tilbake i Sodvinhallen. Surnadal får ein stor sjanse ved vensrekant Ola Heggset fem minutt før halvtid, men heller ikkje denne gongen får Surnadal ballen i mål.

I staden scorar Magnus Hofset to raske mål, og plutseleg står det 4-0 til KIL/Hemne.

Sander Smevoll pyntar på resultatet til pause like før dommaren bles av omgangen, når han dreg seg inn frå høgre og skrur ballen flott opp i lengste hjørne, via stolpen.

Dermed står det 4-1 til KIL/hemne halvvegs i oppgjeret.

– I store delar av 1. omgang er vi frykteleg upresise, og jobbar for mykje ein og ein i presset vårt. Dei gongane vi først vann ballen høgt i bana viste vi ein del fint kombinasjonsspel og skapte fleire brukbare sjansar. Det er i overkant med 4-1 til pause, det var mykje jamnare enn som så, seier Surnadal-trenar Webjørn Holten.
 

Vann andreomgangen

Surnadal gjorde fire bytter ved pause, og om det var byttene, Holten sin pauseprat eller rein revansjelyst etter førsteomgangen som gjorde det, er ikke godt å vite - men laget tok kontrollen i andre omgang frå starten av. 

Etter 47 minutt kjempar Ola Heggset seg til ein stor sjanse ute til venstre, men ein god KIL/Hemne-keeper står i vegen. Tre minutt seinare brukar Frikk Hauglann Talgø farta si og spring frå alle, men avslutninga går utanfor mål. 

Surnadalingane heldt fram med å skape sjansar, medan KIL/Hemne framleis er farlege framover, med gode dribleferdigheiter og stor fart. Etter pause pressar Surnadal heimelaget såpass låge at vertane får ein del gode overgangsmulegheiter. 

Kvarteret før full tid vinn Sander Smevoll ballen i duell med ein KIL/Hemne-midtstoppar, og ballen endar omtrent midt mellom Smevoll og KIL/Hemne sin keeper. Smevoll når ballen først, men keeper er no så nær at han blir truffen når Smevoll prøvar å gå rundt han. Ballen sprett likevel berre ut til Ola Heggset, som sender ballen mot mål.

Dessverre for Surnadal klarar keeper å rygge akkurat nok, til at han med nød og neppe får slått ballen til corner, og 4-1 står seg.

I motsett ende tråklar heimelaget seg heilt ned til dødlinja to gonger, men begge gonger reddar Mattis Fiske avslutningane frå kort hald.

Sju minutt før full tid er det duka for ein debutant i Sodvinhallen. Då kjem nemleg 2003-modell Jonas Jordet Bergem inn for Ørjan Nes Haugen, og tek plass på høgrebacken. Totalt var 21 spelarar i aksjon for Surnadal mot KIL/Hemne.
 

Unggutar sørga for scoring

Då Surnadal slo Røros 6-1, scora 2003-modell Viljar Fiske Kvande på retur frå 2004-modell Vegard Dønnem. Mot KIL/Hemne kom dei to unggutane inn etter 84 minutt, og akkurat som mot Røros, enda det med scoring.

Fire minutt før full tid kjem nemleg Vegard Dønnem til eit flott innlegg ute på høgrekanten, og inne i feltet er Viljar Fiske Kvande, som på volley sett ballen i mål via tverrliggaren. Ei flott scoring, som fastsette sluttresultatet til 4-2 til KIL/Hemne.

– Andre omgang var mykje betre enn den første. Meir aggressivitet og betre presisjon gjorde at vi vann andreomgangen 1-0. Det er og veldig artig å sjå unggutane, som kjem inn og tydeleg viser at dei har noko på laget å gjere, seier han, og legg til:

– Neste helg er vi klare.
 

Kampfakta:

KIL/Hemne-Surnadal 4-2 (4-1)
16. mars 2019, Sodvinhallen, Kyrksæterøra.

Mål:

1-0 Daniel Kaald Estrin (5.)
2-0 Håkon Aarvaag (25.)
3-0 Magnus Hofset (41.)
4-0 Magnus Hofset (44.)
4-1 Sander Smevoll (45.)
4-2 Viljar Fiske Kvande (86.)

Ingen kort.

Surnadal stilte slik, frå høgre mot venstre (4-3-3):

Mattis Fiske

Lars Mogstad (Knut Ola Høvik inn i 67. min)
Vegar Brøske (Håkon Sæther inn i 46. min)
Knut Ola Høvik (Ørjan Nes Haugen inn i 25. min - Jonas Jordet Bergem inn for Haugen i 83. min)
Tore Bæverfjord (Steinar Heggset inn i 46. min)

Sander Smevoll (Viljar Fiske Kvande inn i 84. min)
Elvijs Jansons (Geir Bævre inn i 46. min)
Petros Simon Bokre (Sindre Hyldbakk Kvande inn i 46. min)

Sindre Fiske (Amen Gebrehiwet Hailu inn i 67. min)
Frikk Hauglann Talgø (Erlend Halset Ulvestad inn i 74. min) 
Ola Heggset (Vegard Dønnem inn i 84. min)

amen gebrehiwet hailu
Amen Gebrehiwet Hailu.
jonas jordet bergem
Debutant Jonas Jordet Bergem
erlend ulvestad, vegard dønnem og viljar fiske kvande[1]
Vegard Dønnem (midten) og målscorar Viljar Fiske Kvande (t.h.) feirar 4-2 målet.
Tips en venn Skriv ut