- Onsdag 08.02 Rindal Pistolklubb trening onsdager
- Onsdag 08.02 Åpen leikeplass
- Onsdag 08.02 Skitrimmen
- Onsdag 08.02 Årsmøte i Rindal TKD-klubb
- Torsdag 09.02 Årsmøte i Rindal pensjonistlag
- Torsdag 09.02 Poengrenn i Bolme
- Søndag 12.02 Gudstjeneste Rindal eldresenter
- Søndag 12.02 Høgmesse Øye kyrkje
- Søndag 12.02 Familiegudsteneste Åsskard kyrkje
- Mandag 13.02 Dataklubb
Velkommen til Surnadal Taekwon-Do klubb!
Klubben si historie
Surnadal Taekwon-Do klubb vart stifta 25.09.1989. Kjell Gunnar Polden, Harry Ansnes, Svein Mogstad og Harry Bredesen var dei som tok initiativet. Det vart ein nybegynnarklase på rundt 20 ungdommar og vaksne den hausten, og første årsmøtet vart halde 5. februar 1990. Der vart Åsmund Frydenlund valt til formann. Dei første åra hadde vi to parti, og vi låg på mellom 30 og 40 medlemmar. Kjell Gunnar Polden hadde treningane, men fekk etter kvart hjelp av dei høgast graderte. Svein Mogstad og Harry Ansnes deltok, og etter kvart vart Anders Bolme ein sentral instruktør. Klubben har heile tida vore aktiv på opplæringssida, og vi har arrangert mange samlingar sjølve. Også med tema som Qi-gong, meditasjon, yoga og liknande aktivitetar. Vi har delteke på alt som er av kurs i regi av forbundet. Vi starta i ITF Taekwon-Do, før vi gjekk over til GTF og seinare vart NTN. I 2006 gjekk vi igjen inn i ITF Taekwon-Do.
Klikk her og les siste nytt fra Surnadal Taekwon-Do klubb.
Linjefag på Nordmøre Folkehøgskule
Frå 1992 vart Taekwon-Do valfag på Nordmøre Folkehøgskule, og frå 1996 vart det linjefag. Dette er eit populært fag, som har ført mange talentfulle elevar til bygda. Fleire av dei har hatt sentrale trenaroppgåver i klubben, og i 2009 kom Aleksander Aronsen, som no har hovudansvaret for både klubbtreningane og linja på skulen, saman med Kjell Gunnar Polden. Folkehøgskulen og klubben vår har hatt eit suverent samarbeid dei siste åra, og vi har hatt gjensidige fordeler ikkje minst på kurs-sida. Medlemstalet har også auka jamt og trutt, og ligg no rundt 90 medlemmar.
Sponsorar
Surnadal Taekwon-Do klubb har frå start av vore nøye på å ikkje gå andre lag og foreiningar i næringa, og har såleis i statuttane at vi ikkje skal drive loddsal eller festarrangement. Derimot tek vi på ymse slag oppdrag for sponsorar. Den sponsoren som har vore med heile tida er Surnadal Sparebank. Vi samarbeider elles med HydroTexaco og REMA 1000.

Sommarleir
Klubben starta opp med Sommarleir i Surnadal i 1991, og denne har vorte ein formidabel suksess. Folkehøgskulen har teke over arrangementet, som i år går over tre veker! Ei veke for barn, ei for vaksne - og nytt av året: tidenes første juniorleir for dei i alderen 13-15 år. Til saman kjem over 1000 personar og besøker Surnadal i løpet av sommarmånadene.

Les innbydelsane til årets sommarleirar på NTN Taekwon-Do sine sider her!
Konkurransar
Dei første åra var vi mesta ikkje med på konkurransar, men frå det vart linjefag ved Folkehøgskulen, har vi vore svært aktive også på den fronten. Dei siste åra har også lokale utøvarar gjort det skarpt. Vi har vunne både NM og internasjonale turneringar, i tillegg til å ha folk representerte på landslaget både på dame og herresida.

Barneparti
I 2004 starta vi opp med barneparti. Der var Aleksander Aronsen ein krumtapp og la eit godt fundament. I 2005 starta vi opp foreldre/barn, så no er rundt halve klubben barn, noko som er ei utfordring. Vi har også hatt eit samarbeid med Surnadal vidaregåande og valfag, så ein kan seie at det har vore ei rivande utvikling sidan oppstarten i 1989.

Instruktørane
Her er hovudinstruktørane i klubben:
Her er hovudinstruktørane i klubben:

Kjell Gunnar Polden
Frå 2006 instruktør i Surnadal NTN Taekwon-Do klubb. Han er dagleg lærar på Nordmøre Folkehøgskule, og har 4. Dan i Taekwon-Do. Har trena Taekwon-Do sidan 1981.
Frå 2006 instruktør i Surnadal NTN Taekwon-Do klubb. Han er dagleg lærar på Nordmøre Folkehøgskule, og har 4. Dan i Taekwon-Do. Har trena Taekwon-Do sidan 1981.

Aleksander Kvist Aronsen
Frå 2009 instruktør i Surnadal NTN Taekwon-Do klubb. Han er dagleg lærar på Nordmøre Folkehøgskule, og har 3. Dan i Taekwon-Do. Har trena Taekwon-Do sidan 1996.
Bilete av dei øvrige instruktørane kjem snart.
Tillitsvalte
Styret 2010
Formann: Kjell Gunnar Polden Tlf: 48101807
Sekretær: Eli Kvarstad Tlf: 91362195
Kasserer: Tove Drøpping Tlf: 97174895
Styremedlem: Linda Øyahals Tlf: 957 53 957
Styremedlem/nestleiar: Anders Bolme Tlf: 71 66 06 79
Terminliste 2010
Uke 26: Junior/Ungdomsleir NTN Surnadal for dei født 95, 96, 97.
Uke 31: Voksenleir i Surnadal
Uke 31: Voksenleir i Surnadal
Uke 32: barneleir i Surnadal
September:
26. Regionalt mesterskap, Trondheim
Oktober:
1. - 3. Instruktør B-kurs, Trondheim
29. - 31. NM og landsmesterskap i Ålesund, hvor mange utøvarar frå klubben skal delta.
November:
21. Regionalt mesterskap, Trondheim
26. 28. Internasjonalt instruktørkurs (IIC), Trondheim
Treningstider
Treningstider for treningsåret 2010/2011 blir avklart i august.
Treningstider for treningsåret 2010/2011 blir avklart i august.
Kontingent
Kontingent for treningsåret 2010/2011 er:
- Vidarekomne: 1800,-
- Nybegynnarar som trener 1 gang pr. uke: 1200,-
Kontingent for treningsåret 2010/2011 er:
- Vidarekomne: 1800,-
- Nybegynnarar som trener 1 gang pr. uke: 1200,-
Nyheiter
Hald deg oppdatert og les på nyheitsidene til klubben på Trollheimsporten her!
Hald deg oppdatert og les på nyheitsidene til klubben på Trollheimsporten her!
Du kan også melde deg inn i Surnadal Taekwon-Do klubb på Facebook her.
Her finn du blant anna videosnuttar og bilete frå klubben opp gjennom åra.
Aleksander Aronsen
Tlf: 936 81 307
E-post: aleksander_kvist@hotmail.com