Onsdag
Onsdag Regn
Regn
Lett bris
Torsdag
Torsdag Skyet
11°
Skyet
Lett bris
tp_leserinnlegg

Lesarinnlegg

Surnadal SV om Øye skule

Å påstå at alle skeptikarar jublar over ny Øye skule, er å dra det litt langt. Surnadal SV hadde ikkje privilegiet å vera representert i kommunestyret da planane for skolen vart jobba med. Slik har Surnadal SV fått ein nesten ferdig plan i fanget,og som etter det eg har fått inntrykk av, alle har klappa kvarandre på skuldrane for, avdi vi no skal få ein skole som både blir rimeleg og bra. Eit anbod som vart ca 70 millionar dyrare enn tenkt, og som ikkje tek riving av det gamle som skal bort, med i reknestykket, ser vi ikkje på som eit rimelig og bra prosjekt.

Vi kan vel berre tenkje oss kva for sparetiltak/kutt ein må finne når neste budsjett skal planleggast. Eg kunne tenkt meg sakspapir for skolebygginga med tal som viser kor mykje dette vil koste oss i året, men det synest ikkje som om kommunedirektøren tykkjer dette er interessante tal å ha med i saksframlegget. Eg har funne tal frå rekneskapen 2019, som viser at Surnadal kommune har eit meirforbruk på 8 mill. Dette fører til at driftsfondet er redusert til 16 mill. Det er vel ikkje så mykje å dekkje kommande underskott på, og eg vil nødig at Surnadal kommune skal koma på ROBEK-lista.

Delar av Øye skule er gammalt, det meste er slitt. Noko må gjerast, - det har Surnadal SV forståing for. Men vi tykkjer altså at løysinga som no er presentert, kostar for mykje. Barnetalet går ned, lærarar og foreldre blir ikkje lytta til. Vi tykkjer ungdomsskolen er bra som den er, og at barneskolebarna ville ha godt av å kunne «bytte» skole når dei startar på ungdomsskolen. Senterpartiet skal vera forsiktig med å kalle seg distriktsparti når vi grunna pengemangel, enten må legge ned grendeskolar eller at alle foreldra sender barna sine til Øye fordi standarden der er mykje høgare enn på skolane utanfor sentrum.

Ole Stensby
Gruppeleiar
Surnadal SV - Sosialistisk Venstreparti