Søndag
Søndag Delvis skyet
13°
Delvis skyet
Lett bris
Mandag
Mandag Delvis skyet
14°
Delvis skyet
Flau vind

Surnadal museum

Surnadal museum er medlem av Trollheimsporten. Vi held deg orientert om aktivitetar og arrangement som går føre seg både på Åsen, på Kleiva og i Svinvika. Kanskje du har lyst til å ta med deg ei gruppe til eitt av anlegga? I så fall er det berre å ta kontakt med museet. Ein stor del av jobben til dei tilsette er nemleg å presentera anlegga for publikum.
 

Her kan du sjå nytt frå Surnadal museum!

 

Den freda røykjestua frå Torvika er ein av attraksjonane ved bygdemuseet på Åsen. Foto: Surnadal museum

 

Surnadal museum har frå 2010 bestått av tre anlegg: Åsen bygdemuseum, diktarheimen Kleiva og Svinviks arboret. Museet er ei eiga avdeling under Nordmøre museum, og er ansvarleg for drifta av museumsarbeidet i Surnadal. Det er likevel Surnadal kommune som eig alle eigedommar, bygg og gjenstandssamlingar.

 

Åsen bygdemuseum ligg fint til på den gamle skyssgarden Åsen oppe på Eidet i Surnadal. Bygdemuseet er eit tradisjonelt friluftsmuseum med fleire bygningar frå ulike tidsepokar, og utstillingar og gjenstandssamlingar inne i dei ulike husa. Den freda røykjestua frå Torvika, Gulla-rommet, Musters-samlinga og 1950-talsutstillinga er noko av det du kan få sjå ved eit besøk på Åsen. Bygdemuseet kan opplevast både på museumsdagar fulle av aktivitetar om sommaren, og ved bestilte omvisingar utanom dei faste opningstidene.

 

Diktarheimen Kleiva ligg høgt og fritt ovanfor Skei. Frå tunet har ein vidt utsyn over breibygda i nedre Surnadal, akkurat slik bygdadiktaren Hans Hyldbakk ville ha det når han skulle byggje seg eigen heim her i si tid. Dei to stuene kan besøkast i sommarhalvåret gjennom å bestille ei omvising ved museet.

 

Svinviks arboret er museumshagen framfor nokon her på Nordmøre. Halvor og Anne Svinvik bygde opp denne eksotiske naturhagen i berghamrane ned mot Todalsfjorden frå 1940-talet og utover. Her har det sidan bugna av asiatiske rododendronar, bambus, spesielle lauvtre og bartre frå heile verda. Sidan vart hagen i ein 30-årsperiode eigd og drive av NTNU Vitskapsmuseet, før Surnadal kommune tok over som eigar i 2010. Surnadal museum står for fagleg skjøtsel og tilplanting i hageanlegget i lag med Surnadal kommune. Her kan du frå mai- august vandre rundt i hagen på eiga hand, delta på arrangement, eller få omvising og høyre historia til staden og plantene. Eit besøk verdt er også sommarkafeen i Svinviks arboret. Her finst det blidaste vertskapet og dei beste blomsterpynta og heimlaga kakene du finn her på traktene på sommaren.



I 2014 vart det vedteke spesialfelt som kvar av museumsavdelingane på Nordmøre skal satse særskilt på. For Surnadal museum er det vedteke ei satsing på utvikling av Svinviks arboret innan forvaltning, formidling og forskning.
 


Tilsette ved museet i Surnadal er Maja Frønes (kulturminneforvaltar) avdelingsleiar i full stilling, og Katarina Wedelsbäck-Bladh (hortonom) i halv stilling. Maja har eit overordna ansvar for drifta ved avdelinga, samt fagansvar for det kulturhistoriske feltet. Katarina har fagleg ansvar for museumshagen i Svinviks arboret.

 

Surnadal museum har kontor på kommunehuset. I sommarhalvåret er museumspersonalet for det meste å treffe ute på museumsanlegga.



Kontaktinformasjon Surnadal museum:

Maja Frønes tlf. 913 99 452 / e-post: maja@nordmore.museum.no

Katarina Wedelsbäck-Bladh tlf. 464 22 638 / e-post: katarina.wedelsback-bladh@nordmore.museum.no


Bestilling av servering og omvisning i Svinviks arboret: svinviks.arboret@nordmore.museum.no


For meir informasjon:

http://www.nordmore.museum.no

facebook.com/svinviksarboret
 

 

 

Blomsterprakt i Svinvik arboret alt før snøen har forlate Rambjøra. Foto: Surnadal Museum.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Til venstre: Det har ved eit par anledningar vore arrangert kurs i pilfletting ved Surnadal museum. Her er Dordi Kjersti Mogstad midt i det som etter kvart skal bli ei pilhytte. Foto: Surnadal Museum.

Over: Toril Redalen kosar seg med å selje saft og sirupar frå eigen hage under juletorget i arboretet nyleg. Foto: Norunn Holten

Under: Ungar frå Øvre Rindal skule lærer om stiklingar under eit besøk i Svinvika. Foto: Surnadal Museum.

 

 

 

Tips en venn Skriv ut