SIL herrer 2011_350x232

Klart for seriestart i tøff 3.divisjons-avdeling

Surnadal let seg ikkje skremme

Til helga startar fotballsesongen i 3. divisjon, og Surnadal sitt herrelag kjem til å møte tøff motstand i den "nye" avdelinga med mellom anna mange sterke sunnmørslag. Men spelande trenar Kjetil Rønning ser fram til å spele i ei avdeling med høgt sportsleg nivå, og let seg heller ikkje skremme av at Dagbladet tippar Surnadal på ein 13.plass av 14 lag i årets 3.divisjon avdeling 9.
Onsdag 6. april møtes Surnadal og KIL/Hemne i Ånesøyan i første kvalifiseringsrunde i NM 2011.

- Nei, Surnadal brukar å bli tippa langt ned. Dette er uansett synsing, og vi legg det ikkje akkurat innpå oss. Vi blir heller litt motivert til å vise kva vi er gode for, seier Rønning til Trollheimsporten.

Dagbladet vurderer Træff som det klart sterkaste laget i 3.divisjon avdeling 9, med Skarbøvik på ein andreplass.

Sjå Dagbladet sitt tabelltips her.

Også Kjetil Rønning meiner desse to laga i utgangspunktet blir dei tøffaste mostandarane, og allereie i første serierunde laurdag 9. april skal Surnadal møte Skarbøvik på bortebane.

- Men det er eigentleg ikkje nokon grunn til at folk skal vere så spesielt opptatt av den første kampen. I dei første kampane kan det vere tilfeldigheitene som avgjer, det er først eit stykke ut i sesongen at laget får "satt" seg.

- Utan å spå noko plassering, er eg optimist på Surnadal sine vegne. Det blir viktig for oss å unngå den dårlege vårsesongen vi hadde i fjor, og vi har ein ung og lovande stall som har fått eitt års meir erfaring no. Målet er å etablere oss i den nye 3.divisjonen, og det meiner eg Surnadal skal klare.

Med ei rein Møre og Romsdal-avdeling blir det mange reiser til Sunnmøre for å møte lag som Volda, Brattvåg, Hødd 2, Bergsøy, Skarbøvik og Larsnes.

- Det blir lange reiser, men det sportslege nivået er betre og det er ein motivasjon i seg sjølv. Så får vi heller vurdere om vi ikkje skal ta med heile troppen på alle bortekampane, men la enkelte få "frihelger" innimellom, seier Kjetil Rønning.

Sjå terminlista for 3.divisjon menn avd. 09 her.

Lagbildet viser SIL herrer 3. divisjon og 5. divisjon 2011.

Bak f.v. Vegard Karlstrøm, forsvar, Webjørn Holten, midtbane/trenar, Håvard D. Johnsen, forsvar, Roy Bolme, angrep, Trond Blekken, midtbane, Ivar Mogstad, forsvar, Magnus Bergersen, forsvar, Simen Engdal, forsvar, Felix Hoem, midtbane, Vegard Moen, forsvar, Ola Saltrø, forsvar/midtbane, Ingebrigt Gjerstad, trenar.

Midten f.v. Sondre Bøe, midtbane/forsvar, Knut Ola Høvik, midtbane, Stian Kooyman, keeper, Eystein Meese, keeper, Fredric Ålmo, keeper, Stein Todalshaug, midtbane/angrep, Bjørnar D. Sæter, midtbane/angrep.

Første rekkje f.v. Bent Vidar Holten, midtbane/angrep, Ola Heggset, midtbane/angrep, Trygve Buvik Talgø, forsvar, Hallvard Næss, midtbane, Ole Sæther,forsvar/midtbane, Trond Resell, midtbane/angrep, Helge Drøpping, angrep, Sondre Ormset, forsvar.

Ikke til stades: Kjetil Rønning, Håkon Bredesen, Knut Resell.

Foto: surnadalil.no