Hball SIL 8687 2 Willy_1024x587

Willys arkivdykk 132 frå andre halvdel av 1980-åra

Surnadal IL med handballavslutning og SIL Fotball

Willy har denne gongen plukka fram tre bilder frå Surnadal - andre halvdel av 1980-åra. Da var Willy Johansen svært aktiv innafor handballen i Surnadal - og vi ser frå ei handballavslutning - og her treng vi hjelp fra lesarane. Kanskje du kjenner deg att? I tillegg ser vi eit lagbilde frå SIL fotball på vintertrening med Asbjørn Bjørseth som trenar. Oppdatert med navn på håndballspillere.

Øverste bilde fra venstre: Vigdis Vedul Moen, Hege Christin Johansen, Rita Johansen, Beate Kristine Nes, Trine Elisabeth Iversen, Wenche Bævre, Inger Grete Lundamo. Kristi Garte, Åse Torill Solli og Ann Kristin Hansen.

Over og under ser du frå ei handballavslutning i Surnadal IL i andre halvdel av 1980-åra. Kanskje du kjenner deg igjen - eller kjenner dei på bildet - bruk redaktor@trollheimsporten.no.

Nederst ser du eit bilde frå Surnadal IL Fotball med Asbjørn Bjørseth som trenar. Her ser du frå ei vintertrening.

Har du kommentarar eller noko du vil fortelle omkring dette arkivdykket fra Willy - bruk: redaktor@trollheimsporten.no og del det med alle på Trollheimsporten.

Willys arkivdykk er bildeglimt, reportasjar og avisstoff fra eit mangslungent og omfattande bilde-, film- og klipparkiv til Willy Karlstrøm i Trollheimsporten. Willys arkivdykk finn du under På Porten på den grå menylinja, når du er på Hovedsida på Trollheimsporten. Alle arkivdykk er tilgjengelege på Willys arkivdykk, Willys arkivdykk 1, Willys arkivdykk 2 og Willys arkivdykk 3 - der du finn dette stoffet. I tillegg finn du mykje anna godt stoff under På Porten - blant anna frå Edgar Kattem, Edgar Landsems utklipp fra Øvre Sæter Camping og Harald Solvik (dei siste to under Willys arkivdykk).