Lørdag
Lørdag Skyet
11°
Skyet
Svak vind
Søndag
Søndag Skyet
Skyet
Flau vind

Surnadal folkedanslag

DSC_0668.jpg

Surnadal folkedanslag, tidlegare Surnadal leikarring, har i 2019 vore aktivt i 54 år. Laget vart skipa 5. april 1965. Føremålet var arbeid for folkedans og bygdekultur.

Medlemmene møtes på Surnadal ungdomsskole kvar tysdag kveld. Der blir det dansa ei blanding av folkedans, swing og turdansar.

Det blir lagt vekt på å halde liv i tradisjonsdansar frå Nordmøre, som t.d. Nordmørspols i Todal-tradisjon og lokale turdansar. Kjellaug Brørs samt medlemmer frå styret, Reidunn Halle, Audhild Todal og Marie Drøivoldsmo, leier dansen.

Laget nyttar levande musikk på dansekveldane. Oddmund Solem er fast spelemann. I tillegg har Trond Larsens kvartett lagt øvingane sine til ungdomsskolen 3 kveldar hausten 2018. Desse kveldane har vore vellykka. Oddmund spelar da saman med dei. Vi vonar dei óg finn høve til å dele musikken sin med oss i 2019.

Laget har 39 medlemmer. Det er godt oppmøte på dansekveldane, over 30 personar kvar gong, for det meste godt vaksne folk. Det er kaffipause på alle dansekveldane der praten går livleg.


Styret i Surnadal folkedanslag 2019:

Leiar: Reidunn Halle
Nestleiar: Audhild Todal
Kasserar: Vidar Sogge
Sekretær: Marie Drøivoldsmo
Styremedlem: Mona Vikan


Planar for vårsemesteret 2019

Årsfest på Angråmyra: Laurdag 16. mars blir det fest på Angråmyra for medlemmer og innbedne. Det blir buffe med kald mat samt kaffiservering med kaker. Oddmund, Anders og Tormod spelar opp til dans..

Tur m/dansekurs: Dersom vi får stor nok oppslutning, vil vi arrangere tur til Røros med dans på hotellet vi skal bu på, kurs i Rørospols og høve til å sjå nyoppsetninga av Elden. Vi har arrangert slike turar to gonger før, og har gode erfaringar med opplegget. Vi undersøkjer interessa i laget etter vinterferien.

Sommartreff: Medlemmer i laget har opp gjennom åra invitert til sommartreff. Vi har vore i Folldalen, Vindøldalen, Stangvika, Romundstadbygda og Torvika. Sommaren 2019 er det Nordmarka som står for tur.

Ønskjer du å vere med å danse, kan du møte opp på Surnadal ungdomsskole, gymsalen, tysdagar kl 20.15 - 22.00.

Vi tilbyr opplæring for nybyrjarar frå kl.20.00 – 20.30 etter avtale.


Oppstart i haustsemesteret: Første tysdag i september

Avslutning i vårsemesteret: Siste tysdag i april
 

Kontaktpersonar:

Reidunn Halle: Tlf 991 63 976 E-post: buhagen40@gmail.com
Marie Drøivoldsmo: Tlf: 951 159 36 E-post: marie.droivoldsmo@gmail.com

 

Tips en venn Skriv ut