Midtigrenda barnehage melder:

Suksess med basar og nissemarsj

Midtigrenda barnehage har dei siste vekene hatt både basar og nissemarsj. Bedrifter i Surnadal og omegn ga oss mange flotte gevinstar til basaren, og vi sette ny rekord i loddsal. Overskottet frå basaren skal vi i hovudsak bruke til å oppgradere uteområdet i barnehagen. Inntekta gir oss også moglegheit til å arrangere andre trivelege samankomstar for familiane som hører til barnehagen.

Nissemarsjen er eit slikt arrangement. Oppmøtet til årets marsj var formidabelt, med eit langt tog som gjekk gjennom grenda. Ponnien Troll og geita Snøfnugg møtte opp, og jammen kom nissen med nisseposar til alle barna også!

Vi vil rette ein stor takk til alle som har bidrege til arrangementa! Mange bedrifter har gjeve gevinstar, sponsa saft og nissepose-innhald, og stilt med julepynta dyr til nissemarsjen. Foreldra har baka, selt lodd, ordna og rydda, og den trufaste nissen vår kom heilt frå Nordpolen denne gongen også. Tusen takk til alle!

Helsing foreldreutvalet i Midtigrenda barnehage.

nissemarsj2.jpg
Ponnien Troll hadde pynta seg til jul, og var ein svært populær deltakar i nissemarsjen.

ponni.jpeg

Tekst og foto: Foreldreutvalet i Midtigrenda barnehage.