Fredag
Fredag Skyet
11°
Skyet
Frisk bris
Lørdag
Lørdag Delvis skyet
13°
Delvis skyet
Lett bris
Strandmesse a 2011

Annonse:

Strandmesse i Bøfjorden

Årets friluftsgudsteneste i Åsskard er lagt til Bøkleppnausta komande søndag. Messa blir leia av sokneprest Kristin Strand og byggjer på vanleg liturgi med bibeltekster, song og takkoffer. Denne dagen er det også dåp.

Ingressfoto: Frå ei tidlegare gudsteneste ved Bøkleppnausta.

I tråd med tradisjonen er «kyrkjetrim» ein del av opplegget. Slik kan ein gå, sykle eller koma sjøvegen til den gamle husmannsplassen, bokstaveleg tala under høg himmel, innafor Bøkleppen.

Bilkjørande parkerer helst ved garden, eventuelt på den mindre plassen ovanfor Kleppnausta.

Viss veret blir dårleg, legg ein gudstenesta til Åsskard-kyrkja.

Uansett blir lokaliseringa skilta ved Bøkleppvegen i Ilabukta på Bølandet.
 

Strandmesse b.JPG
Idyll pregar gudstenesteplassen ved sjøkanten.
 

Tekst og foto: Bernt G. Bøe

Tips en venn Skriv ut