header3

Rindal IL fotball:

Stortap for Rindal IL

Lokalfotballen rullar att etter sommaren, og heimelaget Rindal fekk fredag kveld besøk av Buvik som før kampen låg på andreplass på tabellen. Det skulle vise seg å bli ein tøff oppgave for dei raudkledde å ta poeng denne nydelege augustkvelden på Rinnvollens perfekte grasmatte.

Det starta imidlertid meget bra for heimelaget, for etter berre fem minutts spel sette Roy Bolme inn kampens første mål etter eit alldeles nydeleg gjennomspel av Stian Bolme. Eit ganske talrikt publikum øyna nok mulighet for poeng, då det var eit meget påskrudd heimelag som køyrde på i opningsminutta. Det skulle imidlertid ikkje vare noko særleg, for Buvik jobba seg inn i kampen og det var ikkje heilt ufortent då utlikninga kom etter 25 minutts spel. Heimelaget hang fortsatt godt med, men kunne ikkje forhindra at bortelaget putta eit mål til før pause og stillinga blei 1 - 2 til pause. 

Bortelaget hadde ganske sterk vind i ryggen i første omgang, så det var håp om at heimelaget også ville kunne dra nytte av det i den andre omgangen. Så skjedde ikke, for bortelaget var nokre knepp betre enn Møller`s gutar i dei fleste faser av spelet, men det dei heldt stand heilt til det gjenstod ti minutter av kampen! Då sette Buvik inn sitt tredje for dagen og dei klarte å setta to ballar til bak rindalskeeperen før dommaren blas av kampen.

1 - 5 tap er kanskje litt i overkant kampen sett under eitt, men bortelaget var det beste laget.

Sjølv om kampen inneheldt harde taklingar og duellar, var nok dommaren vel raus med kortstokken og delte ut, etter journalistens meining, for mange kort. For stygt blei det aldri!

Rindal IL - Buvik   1 - 5 (1 - 2)

Rindal`s lag: Anders Grytbakk, Edvard F. Bolme, Martin F. Bolme, Jørgen Gjerstad, Jo T. Bævre, Håkon S. Mikkelsen, Stian Bolme, Vebjørn T. Bævre, Harald F. Røen, Sander K. Landsem, Roy Bolme. Benyttede innbyttrar: Stian Grytbakk, Brage Storholt, Jostein Landsem, William

Martin trøster.JPG
Martin F. Bolme trøstar skadd Buvikspelar.

Roy.jpg
Målscorer Roy Bolme

 

Tips en venn Skriv ut