- Søndag 05.02 Gudstjeneste Øvre Rindal
- Søndag 05.02 Høgmesse Ranes kyrkje
- Søndag 05.02 Familiegudsteneste Stangvik kyrkje
- Søndag 05.02 Håndballkamper i Rindalshuset
- Søndag 05.02 Rindal kino: Mission Impossible: Ghost Protocol
- Mandag 06.02 Barneforening i Rindal
- Tirsdag 07.02 Innendørs skyting på Angråmyra
- Onsdag 08.02 Rindal Pistolklubb trening onsdager
- Onsdag 08.02 Åpen leikeplass
- Onsdag 08.02 Skitrimmen
Storsesong i Surna med totalfangst på 7,3 tonn
Natt til onsdag var det slutt på årets laksesesong i Surna, ein sesong som blir ståande att som den beste på åtte år. Totalt vart det landa 6880 kilo laks og 490 kilo aure, noko som er dobbelt så mykje som i fjor. - Når statistikken frå Rindal kjem i tillegg, vil årets sesong ende på rundt 7,5 tonn totalt, seier leiar i Surna elveeigarlag, Georg Solem, fornøgd. Bildet viser Kristen Mogstad, som med ein laksefangst på 12,5 kilo, sikra seg ein niandeplass på årets "Ti på topp"-liste.
Artikkelen er no oppdatert med komplett "Ti på topp".
I fjor vart det fiske knapt 3,7 tonn laks og aure i Surna i løpet av sesongen frå 1. juni og ut august. Årets sesong er ein jubelsesong i samanlikning, og ein må tilbake til 2002 for å finne betre sesong.

- I 2002 var det ikkje kvoterestriksjonar slik vi har hatt no, så det er all grunn til å juble over årets sesong, seier Georg Solem. Han er likevel ikkje svært overraska over ein totalfangst på 7,37 tonn laks og aure i Surna i år.
- Statistikken viser at det cirka kvart tiande år er "laksetoppar" i elvene, og slik har det stort sett vore i Surna også. Det er grunn til å vente gode år i to-tre år no, før det blir ein ny nedgang. Etter tre svake år i Surna, var det gledeleg at 2010 slo så godt til. At det er god fangst i elva har svært mykje å seie, ikkje minst for turistnæringa i kommunen. Mange fiskarar heldt seg unna Surna eller var avventande i år, medan vi no allereie har registrert stor interesse for både 2011- og 2012-sesongen, seier Solem.
Årets "Ti på topp"-liste for laksefangsten i Surna:
1. Geir Tollhaug - 18,2 kilo
2. Finn Ove Kaldvansvik - 16,6 kilo
3. Glenn Olsen - 16,5 kilo
4. Helge Dalen - 14,5 kilo
5. Kristen Heggem - 14,4 kilo
6. Reidar Skogly - 13,6 kilo
7. Per Peterson - 13,0 kilo
8. Rune Solbakken - 12,9 kilo
9. Kristen Mogstad - 12,5 kilo
9. Magne Hvattum - 12,5 kilo.
Les meir om laksefisket i Surna på surna.no.




























