Tirsdag
Tirsdag Skyet
Skyet
Lett bris
Onsdag
Onsdag Regn
Regn
Laber bris
tp_leserinnlegg

Store utfordringar innan eldreomsorga i Surnadal

Surnadal er mellom dei kommunane i fylket som i følgje framskrivingstal frå Statistisk Sentralbyrå vil få størst auke i talet på eldre i høg alder i åra frametter. Auken har allereie starta opp. Dette er ein situasjon som må takast på høgste alvor, skriv Johs J. Vaag i dette lesarinnlegget.

På få år har 28 institusjonsplassar blitt lagd ned i Surnadal kommune. Dette gjeld 15 aldersheimsplassar og 13 sjukeheimsplassar. Det er no 62 plassar ved Surnadal sjukeheim.

Det er mangel på omsorgsbustader i kommunen. Ein oppnemnd plan- og byggekomite har hatt to møte og ei snøgtarbeidande arbeidsgruppe (ad hoc-utval) er nedsett av plan- og byggekomiteen for å sjå nærare på dei ulike sidene ved oppføring og drift av dei planlagde, framtidige omsorgsbustadane som skal oppførast i nær tilknyting til Surnadal sjukeheim.

Går alt som det skal kan byggearbeida starte opp allereie til hausten. Men, da må det gå unna!

Det er å håpe at opplegget blir slik at bebuarane får fellesskapsløysingar i bufellesskapet. Dette vil kunne gjere sitt til å få i gang aktivitetar av ulike slag som vil ha auka trivsel som resultat.

No er det heldigvis slik at dei fleste eldre i dag er friske, aktive og greier seg stort sett utan hjelp og tilsyn. I Surnadal har dessutan mange eldre på eige initiativ sikra seg nyoppsette bustader sentralt plasserte på Skei. Dette er ei utvikling som gjer at kvardagen blir enklare for mange eldre. Alt dette er bra!

Surnadal er likevel i ein heilt særskild situasjon når det gjeld utfordringane innan eldreomsorga. Kommunen er nemleg mellom dei kommunane i fylket som i følgje framskrivingstal frå Statistisk Sentralbyrå vil få størst auke i talet på eldre i høg alder i åra frametter. Auken har allereie starta opp. Dette er ein situasjon som må takast på høgste alvor!

Når andelen av dei eldste eldre aukar vil det og bli fleire demente som ikkje kan bu åleine utan tilsyn. Da held det ikkje med berre satsing på heimebasert omsorg, sjølv om dei tilsette innan pleie- og omsorgstenesta gjennomgåande utfører ein framifrå jobb. Det er viktig å legge opp tiltaka og tenestene slik at dei pårørande ikkje slit seg ut i arbeidet med å ta seg av omsorgstrengande eldre familiemedlemer.

Det er grunn til å tru at det er avsett i minste laget med midlar til omsorgslønn. Surnadal eldreråd har under pkt. 5 i oversikt over saker eldrerådet har prioritert å arbeide med sagt det slik: «Posten omsorgslønn blir styrka med minst 100.000,-. Det er viktig at ordninga blir kunngjort.»

Blir situasjonen krevjande nok bør det vurderast å ta i bruk nedlagde sjukeheimsplassar. Slike plassar har Surnadal kommune fleire av. Skulle dette bli aktuelt må det sjølvsagt løyvast nødvendige midlar.

Ambulansetenesta har ein viktig funksjon. Ikkje minst for dei eldre. På landsbygda er det viktig at bilane kjem fram, sjølv om vegane fram til dei sjuke kan vere bratte og glatte vinters tid. Mitt syn er at ambulansebilane bør ha firehjulstrekk for køyring på vinterføre.

Johs. J. Vaag

 

Tips en venn Skriv ut