Picasa

Storballjløp

Ingen av dei svært få tilskuarane som møtte for å sjå Storballjløpet ved 3 venner i Rindal laurdag kveld angra på det, sjølv om det var kaldt og surt ver. Dette var eit underhaldande showløp!

31092024_10155138052326012_1589283679299960832_n.jpg
Foto: Åse Børset.

Siste programpost under Sildballfestivalen 2018 var Storballjløpet for vaksne, ein del av After-Ballprogrammet i regi av iTrollheimen.Det var lagt opp som cup der to og to lag konkurrerte, og dei to vinnarlaga gjekk til finalen. Kvart lag hadde fire deltakarar.

Laga som stilte var «Boa-turdamene», (eller var det Glamdamene?) - sjølsagt med fargerik boa rundt halsen, Quiz-laget «Det går likar’ no», «Låvepuls» - i Rindal IL-jakker og pedagogane «Goe Odds og to pøngelballa».

Både namna og «uniformene» til laga gjorde det klart at her var det viktigast å delta og å underhalde, og det fungerte.

Ingen av Storballjløpdeltakarane var særleg prega av sildbailljbufféen tidlegare på dagen. Det var full innsats under konkurransen.

Trollheimsportens utsendte har ei fortid som lett kunne føre til at han favoriserte eitt av laga, men på grunn av følgene det kunne få, vil han likevel forsøke å vere upartisk.

IMGP3898.JPG

IMGP3935.JPG
Første etappe i stafetten var aking ned bakken på andre sida av dalen og så spurt mot kanten av bekken.

IMGP3903.JPG
Der var det snøballkasting før dei ringte med bjølla i stativet og starta 2. etappe.

IMGP3904.JPG
2. etappe var trugeløp med "bakrusbriller" som ikkje akkurat skjerpa synet.

IMGP3945.JPG

IMGP3910.JPG
På 3. etappe skulle deltakarane trekke ei strømpebukse over hovudet, og i foten av strømpebuksa var det ein tennisball som dei skulle velte nokre køller med. Dette var einaste øvinga der dei måtte bruke hovudet!

IMGP3947.JPG

IMGP3968.JPG

IMGP3914.JPG
På siste etappe skulle deltakarane trekke ein ring over dalen ved hjelp av denne lina som var spent over dalen.

31117801_10155138052221012_1454645276433186816_n.jpg
Føto: Åse Børset

IMGP3949.JPG

IMGP3972.JPG

IMGP3976.JPG
Når dei hadde dratt ringen over til si side, skulle dei hekte den av, springe opp ei trapp og henge ringen på ei stong. Det var målet.

IMGP3979.JPG
Så skal ringen opp trappene fortast muleg!

IMGP3924.JPG
Inga klaga over løpeskoene.

IMGP3925.JPG
Heidi frå Låvepuls halsa etter henne,

IMGP3929.JPG
- men Inga sikra etappesiger og finaleplass.

IMGP3954[1].JPG
Sigersringen på plass!

IMGP3988.JPG
Boa-damene tok andreplassen i finalen.

IMGP3996.JPG

Vinnarlaget har både ei framside og ei bakside!

IMGP3991.JPG

IMGP3998.JPG
Sigersglede eller glede over sigersklem/manneklem?

IMGP4000.JPG
Alle deltakarane jublar og ser fram til varmare tilvere med quiz og forfriskningar inne på 3 venner!

IMGP4003.JPG
Arrangøren iTrollheimen ved Gøran Bolme og Åse Børset kan sjå tilbake på eit vellukka arrangement med ein kreativ showidé. Vi ser fram til repetisjon neste år med fleire fantasifulle deltakarar og stort publikum ein godverskveld!