bankakademiet hovedbilde

Stor trivsel på fotballskule

Denne veka vert del 2 av BankAkademiet Fotballskule arrangert på Syltøran. Trass ein litt våt og kald start på veka er humøret til dei om lag 40 deltakarane på topp, og no når til og med vêret spelar på lag er alt berre fryd og gammen.

Surnadal IL Fotball arrangerer også i år BankAkademiet Fotballskule, i samarbeid med idrettslaget sin generalsponsor, Surnadal Sparebank.

Denne veka går andre og siste del av årets fotballskule av stabelen, og rundt 40 ungar frå 7 til 12 år er på plass på Syltøran for å sparke ball.

A-lagsspelar Sindre Fiske er bas for det sportslege opplegget for denne utgåva av fotballskulen, medan dagleg leiar Sondre Ormset har det administrative ansvaret.

Ormset fortel at alt har gått som planlagt så langt i veka.

– Det har gått veldig godt så langt, sjølv om vi vart litt våte og kalde tysdag. Heldigvis er vêret betre no, og ungane er blide og fornøgde. Så vi bergar veldig godt, og gler oss til resten av veka, seier han.

I tillegg til Ormset og Sindre Fiske, har Andrea Fiske stålkontroll på lunsj og fruktutdeling i pausene, medan åtte instruktørar frå klubbens seniorlag for herrer og damer held kustus på deltakarane.

Ein dag på BankAkademiet Fotballskule startar med fotballøkt, fortsett med ei lang lunsjpause med mat og påfølgande aktivitetar, og vert avslutta med ei ny fotballøkt.
 

Fotball i lunsjen og

Sjølv i lunsjpausen er det fotball det går i, og spesielt Småtroll-leiken er populær. Der stiller spelarane seg opp i kø for å skyte, og den som bommar må stå i mål. Med taktfaste heiarop er det ein gjengangar at dei fleste heiar på den som til ei kvar tid står i mål, og både latteren og jubelen sitt laust blant deltakarane.

– Du kjem te å skyt over, garantert, melder ein av ungane til nestemann som skal fyre av mot mål, medan ein ballhentande fotballentusiast bryt ut i ein spontan versjon av "Glory, Glory Man United".

Det kjem raskt svar på tiltale, med høglytte ytringar til ære for både Bayern München og Barcelona. Favorittlag-kampen endar i ein versjon av Rosenborg-songen, som levnar liten tvil om at punktum for akkurat den diskusjonen er ettertrykkeleg sett.

Og det viser seg at avslutninga slett ikkje går over, men treff innsida av stolpen og finn vegen til nettmaskene - til avsluttaren si store begeistring. Hendene rett opp i vill jubel, brystkassa fram!

Meldaren modererer seg lynraskt:

– Ja, men det e ikkje så rart at du scora når du står så nere!
 

– Variasjon er viktig

Aktiviteten under den to timar lange lunsjpausa gjev BankAkademiet Fotballskule eit viktig element av lystbetont leik og løkkefotball, og dagleg leiar Ormset fortel at nettopp leik med ball og variasjon er viktig.

– Vi ser at ungane trivst veldig godt med den typen aktivitetar, og vi prøvar å variere opplegget utover veka. Vi har mellom anna sett opp fotballgolf-bane, og har og økter med keepertrening, seier han.

Og at ungane trivst godt på fotballskulen er det ingen tvil om. Men om deltakarane vert samde om det er Manchester United eller Rosenborg som er best, det er vel meir usikkert.

Bilete frå BankAkademiet Fotballskule, del 2:

bankakademiet 1.jpg

bankakademiet 2.jpg

bankakademiet 3.jpg

bankakademiet 4.jpg

Surnadal IL er medlem av Trollheimsporten.