Fredag
Fredag Lett snø
-4°
Lett snø
Flau vind
Lørdag
Lørdag Delvis skyet
-4°
Delvis skyet
Lett bris
Aurora Berle og Jenny Listhaug_1280x695

Stor stemning med mange medaljer

Denne helga vart det arrangert Midt-norsk mesterskap i Taekwon-Do i Rosenborghallen i Trondheim. Heile 14 utøvarar frå Surnadal Taekwon-Do klubb deltok, både frå klubben i Surnadal og på Ålvundeidet. Flotte prestasjonar!

Bildet over: Aurora (med raud hjelm) og Jenny. Illustrerer glede og vennskap. Foto: Kjell Gunnar Polden)

5 20200209_161218_690x335.jpg
Aurora D Berle  gull i sparring +55 kg junior DAN, her på toppen av pallen med Jenny Listahaug i blå jakke ved sida av.

Kampen med Jenny Listhaug og Aurora var den siste kampen for dagen, og med både full tid, ekstraomganger og "sudden death" vart det ein uhyre spennande kamp mellom to gode utøvarar.
- Jenny Listhaug er eit forbilde når det gjeld å behalde humøret om ho ikkje vinn finalen, fortel Kjell Gunnar Polden.

- Det var kanonbra innsats av Surnadal både på og utanfor ringen. Stor stemning med mange medaljer og mykje sosialt. Dei er verdensmestrar i glede og personlig utvikling, seier Polden

2 20200209_141315_690x1419.jpg
Heidi Fiske gull i mønster junior blått/ rødt belte og gull i sparring - 160 cm rødt belte.
- Meget sterk prestasjon, seier Polden.

4 received_206129900508379_690x518.jpg
Una Langeland Gravvold trakk lengstre strået i eldre junior jenter sort belte. Ho er på toppen av pallen her.

1 Snapchat-1105898633_690x920.jpg
Una L Gravvold (over t.v.) tok gull i sparring - 60 kg DAN, og Sindre K Bruset tok bronse i mønster og sparring eldre junior DAN.

Fleire resultat:
Carina Hansen, sølv i sparring senior -68 kg blått/rødt så
Mathias M Nordal,  gull i mønster senior/veteran  blått/rødt belte
Rune Stangvik, gull i sparring +80 kg veteran gult/grønt belte
Stig Oldervik, sølv i sparring veteran +80kg veteran blått/rødt belte.

Takk til Kjersti Langeland for bilde og opplysningar!