Powder Tech

Stor optimisme i Powder Tech

Optimismen er stor i firmaet Powder Tech AS, som vart starta i fjor haust som ei vidareføring av aktiviteten i konkursramma Siv Teknikk i Røtet. - Vi har mange potensielle og store kundar på gang. Det vil også vere behov for fleire tilsette, og målet er å skape eit sterkt fagmiljø i Surnadal. Men i fasen vi er inne i no, tek vi steg for steg og går ikkje høgt ut, seier dagleg leiar og marknadsansvarleg Bjarne Patterson (t.h. på bildet).

Formannskapet i Surnadal, rådmann Geir Vikan og næringssjef Harald Bredesen var tirsdag på bedriftsbesøk hos Powder Tech, og vart imponert over det dei fekk sjå og høyre.

Kostnadane vart for store for Siv Teknikk i Surnadal, som jobba med termisk sprøyting og maskinering og som hadde offisiell opning i september 2008. Siv Teknikk oppsto på ruinane etter at røyrselskapet Wavin forlot Surnadal for nokre år sidan, og var eigd av moderselskapet Surnadal Industri Vekst (66 prosent), medan Jan Tore Andersen og Asbjørn Saltrø hadde til saman 34 prosent.

Siv Teknikk gjekk konkurs i fjor sommar, men gründarane Jan Tore Andersen og Asbjørn Saltrø starta selskapet Powder Tec Produksjon AS, som er ei vidareføring av aktiviteten. I samband med oppstarten løyvde kommune eit pantelån på 300.000 kroner til det nye selskapet.

PowderTech AS utfører reparasjon og utbetring av mellom anna metalliske produkt, maskindelar og boreutstyr for industrien både offshore og for landbasert industri basert på termisk sprøyting og påleggssveising.

Bjarne Patterson vil ikkje vere bombastisk og for offensiv når han snakkar om Powder Tech offentleg. Men formannskapet fekk tirsdag ein optimistisk bodskap frå eit firma som har klar ambisjon om å markere seg med kvalitet og hard jobbing.

- No handlar det mellom anna å vise oss fram for tidlegare kundar, og fortelje at vi er på veg opp att. Vi har fantastisk dyktige og motiverte folk i bedrifta, det er mange kundemøter på gang og det er ei utfordring for oss å skaffe folk. Men dette har vi kontroll på, og ein ny mann er på plass i juni. Vi har faste kundar, men det kjem fleire, så vi treng folk med fagkunnskap.