Picasa

Stor gudsteneste i Rindalskjerka

- Tre små med alt for stor kjole, sa sokneprest Lene Gåsvatn om Emma Dalsegg Grytbakk, Emil Snøsen Løseth og Ylva Gulla Løfaldli som vart bore til dåp i Rindal kirke i dag! I tillegg var det utdeling av 6-årsbok frå soknerådet. 

Denne søndagen var Maia Budskapsdag, og preiketeksta var om da Maria fekk beskjed om at ho skulle bli mor til Jesus.

- Jesus er den mest viktige personen som finns, sa Lene prest. - Han er vår bror, og da er Gud vår far.

Soknerådet ved Arnhild Foseide Fagerholt og Monica Gulla delte ut 6-årsboka til gjengen på det øvste bildet, men først song dei ein song med bevegelse til i lag med menigheta.

Ola Rikstad Hauso fekk 6-årsbok.jpg
Ola Rikstad Hauso var ein av dei som sette seg og studere i nyboka. På spørsmål om han kunne å lese, kika han opp på mor, som antyda at det vart lesing til kvelds.

Emma Dalsegg Grytbakk med foreldre og faddere.jpg
Emma Dalsegg Grytbakk med foreldre og fadrar.

Emil Snøsen Løseth med foreldre og faddere.jpg
Emil Snøsen Løseth med foreldre og fadrar.

Ylva Gulla Løfaldli med foreldre og faddere.jpg
Ylva Gulla Løfaldli med foreldre og fadrar.

Rindal kirke.jpg

Det var mykje folk i alle aldrar i Rindal kirke denne søndagen.