Picasa

Stolt bestemor i Todalen

I Todalen satt det ei stolt bestemor og såg på reportasjen i Dagsrevyen frå besøket dronning Sonja og kong Harald er på i Myanmar, (Burma). Barnebarnet Hanah Elgsæther, 4 år, fekk helse på dronninga og kongen. Du ser henne midt på bildet i denne reportasjen i Adresseavisen.

Dei største barna gav kongeparet blomster, og dei mindre hadde laga teikningar som dei gav til kongeparet i Yangon, største byen i Myanmar.

Klikk her og les om kongebesøket! 
Du ser Hanah på eitt av bilda nede på sida der ho gjev dronning Sonja ei teikning. Ho er sjenert, for ho kan ikkje så godt norsk. Ho går på internasjonal barnehage og engelsk er hovedspråket, men ho snakkar også japansk.

Hanah hadde med seg tre teikningar. Dronning Sonja fekk ei med rosa snøfnugg og orange dronningkroner, og kong Harald fekk ei med eit slott på. Der tredje ville ho ikkje gje frå seg. Den gav ho til pappa etterpå.

Pappa Edin arbeider med demokratiseringsprosessen i Myanmar i regi av FN. Men han har framleis Todalen som heimeadresse!

Nedafor ser du ein faksimile av ein artikkel i Adresseavisen der Hanah er midt på bildet.