tp_leserinnlegg

Støtt Kirkens Nødhjelps fasteaksjon!

6.-8. april går Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2014 av stabelen. Då vitjar konfirmantar og andre engasjerte menneske frå Surnadal og Rindal alle husstandar for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. Kirkens Nødhjelp er der i katastrofen og treng deg!  

Støtt Kirkens Nødhjelps fasteaksjon!

 

Kirkens Nødhjelp er der i katastrofen og treng deg!  

6.-8. april går Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2014 av stabelen. Då vitjar konfirmantar og andre engasjerte menneske frå Surnadal og Rindal alle husstandar for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid.

I 2013 har Kirkens Nødhjelp gitt reint vatn til tyfonoffer på Filippinene og gitt tak over hovudet til flyktningar i Syria. Når ein katastrofe rammar, jobbar Kirkens Nødhjelp for å gi flest mogleg ein sjanse til å overleve. Men behovet for naudhjelp og vern er stort i lang tid framover. Det ser vi både i flyktningleirane på grensa til Syria og i atterreisinga på Filippinene. Bidraget vårt gir Kirkens Nødhjelp høve til å handle raskt og gjere ein best mogleg jobb. Difor håpar vi folk har pengane klare når bøsseberarane kjem.

Vi kan skape forandring!

Nokre katastrofar er klimaskapte og nokre kjem som eit resultat av krig og konflikt. Vi har eit ansvar for å skape levelege forhold over heile kloden. Alle land vil stå sterkare i møte med katastrofen om flest mogleg kan reise seg opp frå fattigdom. Vi kan ikkje akseptere faktumet at ein milliard lever i ekstrem fattigdom. Mange av desse står utan jobb. Å få jobb er ein særs konstruktiv måte å få eit livsgrunnlag på. Difor kjempar Kirkens Nødhjelp for at oljefondet bør auke sine investeringar i fattige land monaleg. Dette kan skape gode jobbar for folk i fattige land. Og sidan sju av dei ti landa i verda med størst økonomisk vekst ligg i Afrika, er dette noko oljefondet kan tene gode pengar på. Ein skikkeleg vinn-vinn-situasjon, med andre ord! Kirkens Nødhjelp arbeider langs mange frontar fordi det er mest effektivt!

6.- 8. april går Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon av stabelen. Då kjem bøsseberarar frå Øye/Ranes, Stangvik, Åsskard, Todalen og Rindal til alle husstandar. Pengane går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid over heile verda. Då har du høve til å gjere noko med uretten og nauda vi ser.

 

Støtt opp om Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2014!

 

Helsing Kirsti Hjørnevik og Elsa Jensvold