Fredag
Fredag Regn
Regn
Lett bris
Lørdag
Lørdag Kraftig sludd
Kraftig sludd
Laber bris
Kleivahølen

Størst laksefangst i Surna

I 2019 vart det rapportert inn ein totalfangst av laks (avliva + utsett) frå elvane i Møre og Romsdal på omlag 24,3 tonn. Dette er ein liten oppgang på 0,8 tonn frå 2018, som var eit svakt år. Surna hadde størst fangst av laks i fylket med totalt 5,1 tonn.

Eira og Driva kom deretter med 2,6 tonn. Overvakingsfisket i Rauma gav over 2 tonn og viser at elva er på veg opp igjen. Sjøaurefangsten i fylket var på historisk botnnivå med 2,7 tonn. Nåsvassdraget i Eide hadde størst sjøaurefangst med 548 kilo.


Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av laks (avliva + utsett) i 2019. Tala viser totalt kilo laks, og tala i parentes tal i kilo avliva laks/tal i kilo utsett laks.

1. Surna, Surnadal: 5065 (3153/1912)

2. Eira, Nesset: 2630 (2122/508)

3. Driva, Sunndal: 2619 (2588/31)

4. Rauma, Rauma: 2392 (394/1998)

5. Strandaelva, Stranda: 1352 (1352/0)

6. Bondalselva, Ørsta: 1245 (1245/0)

7. Korsbrekkeelva, Stranda: 1038 (1038/0)

8. Oselva, Molde: 983 (983/0)

9. Vikelva (Bjørke), Ørsta: 875 (875/0)

10. Åheimselva, Vanylven: 770 (723/47)


Les meir på nettsidene til Fylkesmannen i Møre og Romsdal

 

Arkivfoto