Trekløver_1024x683

Sterk og utradisjonell julekonsert

Julekonserten «Levd liv» baud på mange sterke opplevingar for dei ca 150 frammøtte i Stangvikkyrkja søndag kveld. Elias Akselsen, Betty Johnsen og Børge Pedersen er ikkje dei einaste som gir av seg sjølve når dei opptrer for eit publikum. Det som gjer dei så spesielle, er måten dei gjer det på. Dette var ekte! Alle dei tre artistane har eit tøft liv bak seg, og erfaringane derifrå kjem til uttrykk i songen og musikken deira som sakn og sorg, men også som menneskeleg medkjensle og livsglede. Denne ektheita er det vanskeleg å ikkje bli gripen av.

 

Tre fornøgde artistar etter endt konsert i Stangvikkyrka. Frå venstre Børge Pedersen, Betty Johnsen og Elias Akselsen. Alle foto: Norunn Holten

Innpakninga har blitt meir og meir viktig for å kunne lykkast innanfor song- og musikklivet i dag. Artistane blir bevisst styla for å tilpassa seg marknaden, og scenekoreografien er blitt stadig meir avansert. Få artistar kan stå berre rett opp og ned på scenen og framføre bodskapen sin. Det er vanskeleg å lykkast ved berre å vera seg sjølv, jamvel om ein har eit godt produkt å by fram. Det seier seg sjølv at ektheit blir mangelvare under slike forhold. Desto sterkare blir det når vi ein sjeldan gong får servert ekte vare- og det var nettopp det som skjedde i Stangvikkyrka søndag kveld.

Alle dei tre artistane gav publikum eit lite innblikk i eigen bakgrunn, nok til at tilhøyrarane forstod kjenslene som kom til uttrykk i songen og musikken. Elias Akselsen, opprinneleg frå Finnskogen, tilhøyrer romanifolket. Han har opplevd undertrykkinga av taterfolket på nært hald, noko som gjorde at han rømte til Sverige og vart gategut som 17-åring. Her møtte han både Cornelis Wreesvijk og Jussi Bjørling, som skulle bli inspirasjonskjelder for han vidare i livet. Han fortalte at han lærte å lesa og skrive først som 40-åring, og har derfor ikkje dei beste forutsetningane for å lykkast i livet. Betty Johnsen, bergensaren som gjorde trønder av seg, har opplevd å miste eit tantebarn på berre 15 år på grunn av rus, og ho har også sjølv vore rusmisbrukar. Ho peika likevel på at ho var eit bevis på at det gjekk an å koma seg ut av rusen. Ho fortalte også at ho som 19-åring satt i fengsel. Fengselet var ein stad «du høyrer di eiga stemme» godt, ifølgje Betty, og ho fekk eit møte med seg sjølv der. Dette vart eit vendepunkt i livet for henne, og ho begynte å skrive. Børge Pedersen kunne også fortelje om både gode og dårlege dagar i livet som artist, men at det er kjærleiken til musikken som har bore han fram oppgjennom åra. Fellesnemnaren for dei tre er med andre ord at dei har møtt mykje motgang og vanskar i livet, men at dei har tatt erfaringane frå dette vonde og vendt dei til noko positivt. Dei tør kjenne på det vonde, og dei let publikum få vera med å kjenne det gjennom songen sin.

Ein skulle tru Tone Søyset Døving stakk seg litt ut i dette selskapet, men det gjorde ho faktisk ikkje. Grunnen til dette er nok truleg at ho har ektheita til felles med dei tre andre. Ho song som vanleg klokkeklart og vakkert, og leverte forventa produkt utan unødig «innpakning». Dei tre melodiane ho framførte, er alle å finne på den nye julesingelen som kom ut no i november.

Det var derfor ein litt uvanleg julekonsert publikum fekk oppleva i Stangvika. Tone Søyset Døving song «Juleverset», og dei tre andre song «Julekveldsvisa», «Deilig er jorden» og «Helga natt». Dei framførte også «Trommegutten», ei omsetjing frå amerikansk engelsk av «The little drummer boy» med juleevangeliet innskote. Elles var det ingen fleire tradisjonelle julesongar i det ca to timar lange programmet. Betty Johnsen framførte ein eigenkomponert julesong, men den er alt anna enn tradisjonell. Her blir ønsket om ei god jul til alle sett opp som kontrast til ei rekkje eksempel på menneske som har det vondt også i juletida. Den mørke sida av livet representerte ein av trådane i konserten. Elias Akselsens song til Tommy som døydde av overdose 21 år gammel, er eit eksempel på dette. Håp om fred på jord vart uttrykt i visa «I natt jag drømde», arrangert med bla. eit opptak frå Martin Luther Kings kjente tale «I have a dream». Sidan Elias Akselsen er tater, er det kanskje ikkje så rart at det var «vandring» som skulle slutte sirkelen for julekonserten. Eliassen opna konserten med sår song om livet og å vera på vandring. Betty Johnsen avslutta konserten med same song, først i ein liknande sår tone, men etter eit rytmeskifte ein gladare og lettare, ein klar parallell til livet som også kan skifte frå mørkt til lyst. Julekonserten i Stangvika skal vera ein forsmak på Vårsøghelga til våren. Laget Vårsøg har med denne konserten skapt høge forventningar til også det som skal skje i pinsehelga.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Til venstre: Tone Søyset Døving framførte songar frå den nye julesingelen sin.

Til høgre: Børge Pedersen gir alt i framføringa av "You raise me up".

Alvor og høgtid prega julekonserten i Stangvika.