Lørdag
Lørdag Delvis skyet
Delvis skyet
Flau vind
Søndag
Søndag Klarvær
Klarvær
Stille
IMGP2986 Magnus Stensås, Johan Hundseth og Kornelius Grøv

Sterk konkurranse i Rindølrennet

- Eg veit ikkje om det har vore så sterke løparar på dei første sju plassane i Rindølrennet før, sa speaker Jon Brønstad under innkomsten av Rindølrennet søndag. Rennet vart avvikla under flotte forhold frå Skogsletta og rundt på Furuhaugmarka i Rindal.

Det var deltakarar frå mange plassar i landet, og ikkje berre frå distriktet. Grunnen til det var at mange studerer i Trondheim, og at denne 30 km var fin oppkjøring til 50 km under NM og til Birkebeineren.

IMGP2894 Klassisk start.JPG
Start klassisk

IMGP2902.JPG

Start fristil

IMGP2904.JPG

IMGP2907.JPG

40 løparar stilte til start i konkurranseklassen, i klassisk og i fristil. 29 av desse gjekk 3-mila. Totalt var det rundt 160 løparar som gjekk ei av sløyfene i Rindølrennet.

IMGP2970 Johan Hundseth nr.1.JPG

Johan Hundseth (over) frå Kolvereid vann 3-mila etter å leda store deler av rennet. Magnus Stensås, Tydal vart nr. 2 framom Kornelius Grøv frå Byåsen på 3.plass.

Løparane var godt fornøgde med løypa, men snøen var finkorna og gav trått føre for de fleste.

IMGP2988 Kristoffer Berset før Lars Ove Berset.JPG

Feltet spreidde seg etter kvart, så i mål var det berre om fjerdeplassen det vart spurtoppgjør. Der var det junioren frå Surnadal, Kristoffer Berset, som trakk lengste strået i kamp med Lars Ove Aunli, Strindheim.

IMGP2933 Andreas Fjorden Ree.JPG

På den gamle konkurransegreina 18 km kom Andreas Fjorden Ree (over) frå Støren i klasse M17-20 først i mål framom faren Martin Ree i klassisk-klassen.

IMGP2942 Andreas og Martin Ree.JPG
Martin Ree måtte innrømme at sonen Andreas begynte å gå frå han alt i fjor.

IMGP2953 Ragnhild Mogstad.JPG
Første fristilløpar i mål vart Ragnhild Mogstad, Surnadal.

IMGP3016 Berit Mogstad.JPG

6 kvinner fullførte 3-mila, og Berit Mogstad, Surnadal fekk beste tid.

Last ned heile resultatlista her!

IMGP3034 Ida Mogstad.JPG
Ida Mogstad vart nr.4 på 30 km fri.

IMGP2998 Jo Svinsås og Erik Olsvik Dengerud, Kjelsås.JPG

Jo Svinsås summerer opp løpet med Eirik Olsvik Dengerud frå Kjelsås etter at dei hadde følgd kvarandre mot mål med 13 sek mellomrom i Jo sin favør.

IMGP2962 Eivind Anshus.JPG
Eivind Anshus, Meldal gjekk 18 km fri.

IMGP2944 Even Bakken.JPG
Even Bakken 18 km klassisk

IMGP2949 Robert Jonli med Troll.JPG
Robert Jonli 18 km klassisk

IMGP3001 Kjetil Løften.JPG
Kjetil Løften hadde beste tid på 30 km klassisk

IMGP3007 Speaker Jon Brønstad intervjuer Ola Jordheim fra Hemsedal.JPG
Dyktig speaker var Jon Brønstad (t.h.). Her intervjuer han Ola Jordheim frå Hemsedal som skal gå 5-mila i NM om to veker.

IMGP3009 Lars Bakken Røen.JPG
Lars Bakken Røen tok ein 10.plass på 30 km fri.

IMGP3019 Pål Sande.JPG
Pål Sande, Rindal, vann klasse Menn 31-40 - 30 km fri.

IMGP3020 Julie Myhre.JPG
Julie Myhre, Byåsen nr. 2 30 km fri.

IMGP3023 Runar Flønes.JPG
Runar Flønes, M51-60 - 30 km fri

IMGP3026 Erik Løfald.JPG
Erik Løfald, nr. 1 M14-16 - 30 km fri.

 

Tips en venn Skriv ut