stavgangtur

Surnadal Pensjonistlag melder:

Stavgangturar 1. halvår 2015

23. april. Skrøvset i Bøfjorden. Vi køyrer på nordsida av Bøfjorden til Heggem, der vi parkerer bilane og går utover til Kalset.                            

30. april. Halset i Todalen. Etter at vi har kome til Todalen og passert butikken, køyrer vi over Halsetbrua og svingar til høgre i retning Todalsøra. Etter 100 -150 m kjem vi til vegen som svingar opp til Halset. Her parkerer vi og  går opp til Halset-gardane. Vêret får avgjera turen vidare. I opphaldsvêr kan fottyet vera joggesko. Hugs sitteunderlag!                                                                                                                    

7. mai. Vandring langs elva Søya. Frå Skei køyrer vi i retning Kvenna og svingar ned til Søya straks før vi når fram til Lia. Ein person står ved vegen og viser kvar du skal svinga ned. Vi parkerer ved brua, går nedover langs Søya til brua på Todalsvegen og returnerer til bilane våre.          

13. mai. Frå Felleskjøpet i Halsa til Megardsvatnet. Denne torsdagen går turen til Halsa. I Betnakrysset svingar vi til venstre i retning Halsa fergekai, og vi kjem fram til Felleskjøpet etter ca. 2 km. Her parkerer vi bilane og går opp til Megardsvatnet.                                                                             

21.mai. Gammelfabrikken i Todalen. Frammøte ved Talgø sin gammelfabrikk i Todalen. Marsjen skal gå i fabrikken og fossen sitt nærområde.

28. mai. Pensjonisttur til Smøla.                                    

Søndag 7. juni. Denne dagen har Stavganggruppa teke på seg å arrangera 52/17 SØNDAGSTUREN. Frammøte blir i Svinvika, og vi går opp Gammelvegen til Kammen hyttefelt. Herifrå kan vi snu og gå tilbake til Svinvika eller vi kan fortsetta rett fram til vi når Todalsvegen og går kleivane langs  fjorden attende til Svinvika. Denne runden er ein av STIKK UT-turane i år. Matpause med open kafé ved arboretet.    

11. juni. Haltbakken. Vi køyrer Todalsvegen og parkerer ved avkjørsla til Haltbakken, straks før vi kjem til Nordvik. Går deretter til Haltbakken, medan den som vil, kan gå heilt til Nordvik.                                                                 

18. juni. Frå Lånna på Ranes og ein runde ned til elva. Turen går om Jælañ-Åsen-elvebreidda-Pellhølen. Ein person står ved vegen og viser kvar du skal svinga av.

25. juni. Kårvatn – Myrvang. Frammøte på parkeringsplassen på Kårvatn. Marsjen går til Myrvang og Nauståfosssen. Rasteplass og servering på Myrvang.                                                                                                                                                    


Alle er velkomne til ein ny sesong, både med og utan stavar!

Når det ikkje er opplyst om noko anna, startar alle turane kl 13.00.                                 


Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag