208

Stavgangtur til Sjøasetervatnet

Opptakten til denne turen var at Tor Magne Halset spurde om vi ville bli med ein tur opp på hytta hans ved Sjøasetervatnet, noko vi sjølvsagt takka ja til. Han ordna med busskyss opp, var sjåfør på bussen samtidig som han heile tida fortalde om områda vi køyrde forbi, og Torild hadde baka sjokoladekake som ho spanderte da vi kom opp på hytta. Tusen takk båe to! Ikkje ver trygg for anna enn at vi kjem til å spørja om å få koma att seinare år.

Elles vart det tid til besøk hos gode hyttenaboar, og eg avslutta turen med ein snarvisitt opp på Bållåthaugen og Syltnebba. Takk for ein flott dag!

Neste torsdag, den 12. august, køyrer vi i retning Halsa, passerer krysset ned til Bøfjorden og svingar straks etter av ved skiltet Settemsdalslettet. Følgjer denne vegen til Sollia. Ein person står ved vegen og viser parkering. Marsjen blir ein rundtur om Sollia til Haugaskarvatnet, Bjønnastøtta og ned Gammelvegen til Sollia att. Ta gjerne med stol.


Her ventar Dårdi Sylte og hunden Mini, Helene Røv, Ingrid Lysberg og Mary Dalsegg på at bussen skal køyra opp til Sjøasetervatnet.


Vi brukar eit kvarters tid på den hellelagte stien som går frå parkeringsplassen på Langåsen opp til Sjøasetervatnet. Hyttefolket har gjort eit imponerande arbeid med å legge ut 800 store steinheller langs stien, slik at vi kan gå tørrskodd og i joggesko i alle slags vêr og føre så lenge det ikkje er snø.


Dårdi Sylte og Liv Heggset går fremst av dei 32 deltakarane som vart med på tur denne dagen.


Attafor følgjer Helene Røv, Ellen Marie Monstad, Ingrid Lysberg, Mali Sæther og Oddbjørg Einmo.


Tor Magne Halset, Petra Bredesen og Fredrik Sjøflot passerer ”brua” over bekken.


Vi har kome fram til den fine og romslege hytta til Tor Magne og Torild Halset.


Godt å få kvila føtene etter å ha nådd målet. Tor Magne Halset står og passar på at alle har det bra. På terrassen sit Anders Sæter, Gunnvor Sæter, Mali Sæther, Sigrun Ørsal og Petra Bredesen. Bakom står Jon Bævre, John Dønheim og Per Bruset.


Tor Magne spanderer sjokoladekake på John Dønheim –


– og kona Torild kjeks på Bjørg Heggset.


På turen langs Sjøasetervatnet viste Fredrik Sjøflot oss restane etter ei gammel sluse. På slutten av 1940-talet, medan han arbeidde på Follerø Bruk, hadde han kvar dag jobben med å stenga slusa når arbeidsdagen nærma seg slutten.

Follerø hadde nemleg eige kraftverk som dreiv sag og høvel, men til langt ut i 1950-åra var det vasskrafta som dreiv mellombladet på saga. Vasskraft vart teke frå Sjøasetervatnet, og kvar morgon måtte slusa opnast for å gje vatn til turbinen før arbeidet starta kl. 7 om morgonen. Vatnet brukte ein time på vegen ned til Follerø, og når arbeidsdagen var over, måtte slusa stengast igjen.

Det var stort sett ungdomar i konfirmasjonsalderen som hadde ansvaret for opning og stenging av slusa, og dei måtte tidleg opp dersom vatnet skulle koma ned i rett tid. Klart at desse ungdomane kom i god form, noko vi kan sjå på ein kar som Leiv Strand, som også var ein av gutane som hadde denne jobben! Han trur eg både sprang opp og opna om morgonen og stengde att om kvelden!

I 1949/1950 vart Follerø Bruk kopla til det kommunale kraftverket, og kraftverket på Follerø vart teke ned. (Kjelde: Surnadalsøra i gamle dager, nr. 4).


Her ser vi restane etter ei anna gammel sluse.


Godt med ein pause på sitteplassen ved Sjøasetervatnet. I bakgrunnen ser vi Bållåthaugen.


Denne dagen er vi òg inviterte bort på hytta til Lisbet og Andreas Holten, og derfor fortset vi turen langs vatnet. Plutseleg dukkar hytta opp –


– og vi slår oss ned på ein av uteplassane saman med Andreas.


Vi blir òg bedne om å koma inn på kaffe, men må avslå maten, sidan vi nettopp hadde ete på hytta til Tor Magne og Torild.


Før tilbaketuren slappar vi av ute på terrassen framom hytta.


Tilbake på hytta har enkelte alt teke til å gå ned.


Men før vi går, takkar vi Torild og Tor Magne for alt dei hadde gjort for denne turen. Ikkje berre hadde dei invitert oss til hytta og spandert desse gode brøda. Dei var det òg som hadde kome med idéen og planlagt turen, ordna med busskyss opp og betalt bompengane for bussen, vore sjåfør på bussen samtidig som han heile tida fortalde om områda vi køyrde forbi. Tusen takk båe to! Ikkje ver trygg for anna enn at vi kjem til å spørja om å få koma att seinare år.


Ingen tur til Sjøasetervatnet utan eit besøk på Bållåthaugen. På neset til venstre på bildet ser vi hytta til Lisbet og Andreas som vi besøkte.


Eit tjern med vassliljer på veg opp til Syltnebba.


Nærbilde av vassliljer.


Første varden, med Nordviksula til høgre for varden.


Utsikt utover Surnadalsfjorden frå varden på Syltnebba.


Utsikt oppover Surnadalen.


Nedturen går om pumpehuset, som skal pumpa vatn frå Sjøasetervatnet til alpinanlegget i Sæterlia.