DSC_0037

Stavgangtur til Bjønnastøtta

Torsdag 14. august møttest stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag i Sollia i Settemsdalslettet. Her vart vi møtt av Edna Skrøvset og Kari Sollid Heitmann, som hadde ordna med heile opplegget for turen.

Vi starta marsjen nedover dalen, og ved Kvennhushaugen tok vi av til venstre opp Gammelvegen mot Haugaskarvatnet og Bjønnastøtta, der Kari Sollid Heitmann og John Dønheim fortalde om Skyttar-Tølløv og jakta på Mannebjørnen. På heimturen stakk vi innom hytta til Kari og Jon, før vi avslutta turen med eit kaffelag i Sollia. Mange takk til Kari og Edna, som hadde skaffa oss ein så fin dag!

Les historier om bjørneskyttaren Tølløv Person Folldal nederst i artikkelen!

DSC_0002.JPG

Før start orienterer Kari Sollid Heitmann om turen.

 

DSC_0009.JPG

Vi startar marsjen mot Haugaskaret.

 

DSC_0023.JPG

Per Bruset og John Dønheim finn mange ting å tala om under turen.

 

DSC_0027.JPG

Dårdi Sylte med hunden er med i dag óg. Fremst går Ellen Marie Monstad.

 

DSC_0033.JPG

Sigrun Ørsal, Lisbet Ranes og Anna Dalsegg er snart framme ved støtta.

 

DSC_0034.JPG

Framme ved støtta til minne om Skyttar-Tølløv og jakta på Mannebjørnen.

 

DSC_0035.JPG

Nærbilde av tavla, kopparplata var dekorert av konservator Ola Seter.

 

DSC_0037.JPG

Kari -

 

DSC_0040.JPG

- og John fortel om Skyttar-Tølløv. Far til John, Ola Dønheim, var ordførar i Surnadal på denne tida, og heldt ein tale ved avdukinga av statuen.

 

DSC_0045.JPG

Bjørg og Per Bruset framom støtta.

 

DSC_0046.JPG

På tilbaketuren passerte vi hytta til Kari Sollid Heitmann og Jon Heitmann. Det var i 1920 opphaveleg bygd som sommarhus til Jon og Berit Storvik, to av eigarane til Storvik mek. Verkstad. Berit var frå Nestua på Mogstad.

 

DSC_0061.JPG

Olina Halle skjenkjer kaffe til Kari.

 

DSC_0063.JPG

Frå matpausen i Sollia.

 

DSC_0064.JPG

Frå matpausen i Sollia.

 

DSC_0065.JPG

Matpause i Sollia.

 

DSC_0067.JPG

Matpause i Sollia. Vi fekk óg inn og sjå oss rundt i Sollia, den fine barndomsheimen til Kari, som ho og mannen Jon har halde så fint i stand.

Tekst/foto: Vidar Sogge

 

Nokre historier om bjørneskyttaren Tølløv Person Folldal.

 

Ein ung bjørneskyttar.

Ein sommardag var Tølløv med far sin og løypte bjørk ovanfor heimplassen, Garden i Folldalen. Han var i tolvårsalderen og gjekk i kjole, slik som brukvisen var for gutungar i gamle dagar. Han Pe hadde børsa med seg, og da det leid-på dagen, vart Tølløv lei av løypinga og lurde seg nedover lia med bjørnebørsa for å skyte orrfugl. Da han nådde oppover til ein berghammar, kom det ein bjørneunge krabbande nedetter ei kronglebjørk, og Tølløv heldt åt og skaut, så ungen trilla daud framfor føtene hans. Han skunda seg å ladde børsa, for det hadde far hans sagt at han laut gjera straks han hadde løyst skot. Og ikkje før hadde han fått nytt skot i børsa før det kom ein annan bjørneunge i same faret. Tølløv skaut og ladda på nytt. Da kom bingsa sjøl til syne oppe på hammaren. Men Tølløv var ikkje klenare karen enn at han heldt åt og skaut ho òg.

”No far ha e skote tri bjønna e”,  sa han til far sin da han kom attende til arbeidsplassen.

”Jau, du ser ut te di, du”, svara faren.

Tølløv drog von på at det var sant det han sa. ”Ja, he du skotte tri bjønna, så he du ´kje vesst kva du he gjort”, svara faren, og så måtte han vera med guten oppover og få syn for segn. Men etter den dagen fekk han Pe større tankar om sonen sin. Og truleg drygde det ikkje lenge før guten fekk byte strompkjolen om i skinnbrok.

 

Storskyttaren Tølløv.

Det var eksis på Fiskja, og soldatane heldt på og øvde seg i skiveskyting. Da kapteinen fekk vita det var Skyttar-Tølløv som var komen til gards, ville han endeleg få sjå kva kar han var til å handtere børsa, for soldatane tykte han var berre så måteleg. Tølløv var ikkje så lett å be, men sistpå vart det så han skaut tri skot like vel, men på skiva syntest det berre eitt hol. Somme trudde da han hadde sett dei hine kulene frammed, men da dei leita i bakken attafor skiva, fann dei tri digre kuler etter børsa hans Tølløv, og segna seier at kapteinen tok opp tri blanke sølvdalar og forærte meisterskyttaren. Skotmålet som segna her gir opp er 200 meter.

 

Mannbjønnen.

”Mannbjønnen” var ein slagbjørn som herja og drap folk i bygdene borti Halsa og Valsøyfjorden, truleg i åra 1774 -1776. Ikkje mindre enn fem menneske vart offer for denne bjønnen, og fleire andre skamfor han stygt. Første offeret som fall for ”Mannbjønnen”, var ei ung jente på garden Dragset i Bøfjorden. Ho gjekk og gjætte tett ovafor garden da bjønnen kom over henne og reiv ho i hel. Eit par karar høyrde naudropet hennar og kom leggjande til for å berge ho, men bjønnen haddde da alt fare sin veg med jenta.

Ho hadde prøvd å berga seg med å springa rundet ikring eit tre. Tri gonger såg dei kor bundingsgarnet hadde snara seg kring treet før ubeistet hadde fått tak i henne.

Same månad vart mannen på Trodal, Knut Olson Trodal, ihelslegen av bjørnen.

Straks etterpå denne sørgjelege hendinga, vart ei jente, Gjertrud Larsdotter Henden, drepa av bjørnen bortpå Henda i Valsøyfjorden.

Slike mannbjønnar hadde det med det at dei forlet hiet sitt mykje tidlegre enn vanlege bjønnar. Såleis hende det alt i april året 1776 at ein husmann utmed Kalset i Bøfjorden vart påteken av bjønnen, men berga seg med å dra seg baklengs attende til stua si. Same dagen gjekk ei jente på garden Kalset og gjætte krøtera, for enno var det så tidleg på året at ingen kunne tru det var fare for bjønnen. Da så bjønnen fekk høyra målet åt jenta, forlet han mannen og gjekk laus på jenta, slo henne under seg og gav seg til å eta føtene hennar. Nokre fiskarar som låg nedpå fjorden høyrde kor ho skreik om hjelp og fekk berga henne i siste liten, men da hadde bjønnen ete av henne føtene heilt opp til hoftene. Likevel levde jenta i fleire dagar etterpå i frykteleg pine før ho slapp ifrå livet.

I Åkvika vakta den 16 år gamle drengen buskapen saman med ei jente. Best det var, kom bjørnen over dei og slo guten halvdaud.  Da han det hadde gjort, forlet han guten og kom settande etter jenta, som kom seg til undrømings og fekk varsla folk. Men da dei kom til, hadde bjønnen ete opp eine låret på drengen, så berre beinpipa stod att.

”Å jø, mor. Ha du kjent kor ilt de va de føst bætte han tok,” skal guten ha sagt. Guten døydde av skadene.

Etter dette var det at dei sende bod etter ”Skyttar-Tølløv”, som no hadde flytta frå Garden i Folldalen til Vålåskaret. Han skaut bjønnen med ein sølvknapp tu skjortåin sin, å sølvknappen jikk beinast åt hjarta på styå.

 

(Desse forteljingane er henta frå boka Gammalt frå Surnadal av Hans Hyldbakk.)