11

Svært vellukka trass i regnvêr

Stavgangtur på Ranes

Torsdag 18. juni møttest Stavganggruppa ved Låna på Ranes. Vêrvarslinga yr har svikta oss denne dagen, for sjølv om dei melde opphaldsvêr og delvis sol i 1–2-tida, så regnar det heile dagen.

1.jpg
Anne Marie Ranes og Bjørg Bruset set ut stolar og gjer klart til storinnrykk av stavgangarar.

2.jpg
Dei første ”gjestene” kjem til gards.
 

Men trass i regnet: ut på tur ber det! Nokre få startar først med ein avstikkar opp i Åsen før dei tek ein runde ned til elva, resten går direkte ned til elva. Etter eit stykke langs elvebreidda, svingar vi opp til Ranes kyrkje og går gammelvegen attende til Låna.

3.jpg
Ei lita gruppe startar turen med ein avstikkar opp i Åsen før dei følgjer etter dei andre ned til elva.
 

Her serverer vertinna Anne Marie, godt hjelpa av Bjørg, bakels med sønndalsgraut og molte. Vi storkosar oss der vi sit rundt borda – og alle får sitteplass under tak i ly for regnet! Godt gjort med så mange!

4.jpg
Bjørg set i gang å steikje bakels på harde livet straks dei første kjem attende frå turen ned til elva, for varme og nysteikte må bakelsa vera!

5.jpg
 Anne Marie går rundt og spanderer ekte, god sønndalsgraut!  Førsteklasses molte, plukka av Bjørg og Per, kom òg ut på borda!

6.jpg
Olav Øye, Elen Østbø og Gullborg Kvande slappar av etter å ha forsynt seg med graut og bakels.

7.jpg
Deltakarlista må òg fram. Som vi ser har Odd Enge heller ikkje sloppe unna regnet!

Medan vi kosar oss med maten, fortel Sven om Låna. Fram til ca 1770 var det , etter det Hans Hyldbakk skriv, 2 gardar på Ranes, ått av kyrkja og staten. Presten Søren Hagerup i Stangvik, fekk med hjelp frå kyrkjeleg og statleg øvrigheit i Trondheim slege til seg gardane og bøkselmennene oppsagt, for å slå seg ned der som pensjnist. I ca 1780 bygde han stuåhus på garden. H.H. skriv dette kunne vera det første to-etasjes huset i bygda, ei lån, og Låna vart etter kvart namnet på garden. Hagerup hadde 3 dotter-døtre som fekk kvar sin 3-part av garden. Lars Rågson og broren Ola kjøpte i 1829 den 3-parten der stuehusa stod. Ola selde etter ei tid jorda si til Lars, som vart eigar av heile 3-parten. Det er etterkomarane til Lars som framleis har garden. Før Lars kjøpte var ytre delen av husa riven og bygd oppatt på garden som fekk namnet Storstua. Namnet av di denne delen hadde vore storstua i låna til Hagerup. I 1860 bygde Lars på husa att så dei vart like lange som opprinneleg, men no til kårleilighet. Stuehusa i Låna er freda. Etter restaurering i 1988, etter rettleiing av fylkeskonservatoren, er husa no så nær opp til det opprinnelege som muleg.

8.jpg
Sven Ranes, fødd og oppvaksen i Låna, men no pensjonist som bur i kårhuset på garden, fortel historia til Låna.

10.jpg
Evaluering av den vellykka turen.

Mange takk til Anne Marie og Sven som inviterte oss til ”gards”,  ordna med sitteplass under tak for alle 38 deltakarane, og som til slutt baud oss på graut og bakels. Takk òg til Bjørg og Per, som hjelpte til med arrangementet og som spanderte sjølvplukka molte, og til Sven, som fortalde historia til Låna.

11.jpg
Kårfolka framanfor sørsida av huset, slik det såg ut opprinneleg.

12.jpg
Stabburet er frå Hagerups tid. Anne Marie og Sven planta tuntreet for 55 år sidan.


Neste torsdag legg vi turen til Honnstadvatnet. Vi svingar av riksvegen på Honnstad, der ein person viser kvar du skal køyra, parkerer bilane og går opp til vatnet. Den som vil, kan fortsetta heilt til Soggnebba.


Tekst: Sven Ranes og Vidar Sogge.
Foto: Vidar Sogge.