Surnadal pensjonistlag

Stavgang til Leikaren

Torsdag 29. september var Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Leikaren, som ligg rett opp for Mogstadgardane. Vêrutsiktene var av dei aller verste, med storm langs kysten og mykje regn! Ein times tid før start, i 10-tida, kom regnet, og vi ante at her kom vi til å bli dei einaste som ”stilte til start!”

Stor vart derfor undringa da 21 personar møtte i Nestua på Mogstad, og vi la på tur opp til Leikaren med Petter Mogstad som stødig turleiar.

1.JPG
På veg opp frå Nestua på Mogstad. Til venstre på bildet går Petter Mogstad, vegvisar på turen.

2.JPG
Vi stikk innom ”Staurhuset”, som Petter har innreidd med både sofa og salongbord.

3.JPG
Når vi kjem opp til Leikaren –

4.JPG
– blir vi møtt av eit epletre, bugnande med frukt.

5.JPG
Alle deltakarane samla før vi tek på nedturen.

Kaffepausen tok vi da vi kom ned til Nestua att.

6.JPG
Grete Mauset (i midten) seier ja takk til ein kopp varm kaffe frå Gullborg Kvande. Per Bruset til høgre.

7.JPG
Gunnhild Mogstad og Petter Mogstad fortel om livet som onnafolk på Leikaren tidleg på 50-talet:

I den steikande sola tok tørsten ein dag overhand, og Petter og to onnekameratar la seg på magen og drakk or eit vasshol. Resten av dagen var dei lite dugande som onnekarar! Gunnhild berga, for ho hadde ikkje teke sjansen på å drikka av det grumsete vatnet fullt med sprelar.

Petter var til stor hjelp på Leikaren, og hjelpte Brit også med veden. ”Ikkje klyv så smått!” sa ho. ”Det gjer eg inne”, og så la ho den rå oldra opp på omnen og bygde  ”harehus” av han.  

(Mor til Brit var Eli Jonsd. Røen frå Rindalen. Foreldra hennar var Jo Olson Rindalslykkja og Gurå Johannesd. Holte.)


Heldigvis kom det ikkje ein dråpe regn under heile turen, tilmed sola glytta såvidt fram!

Takk for ein vellukka tur i godt selskap!

Takk til Arild og Petter Mogstad, som hadde ordna med parkeringsplass og guiding på turen. Stor takk òg til Ellen og Gunnar Sundby, som hadde gjeve oss lov til å ta ein pause på vollen framom dei vakre husa deira på Leikaren!

Neste veke går turen til Hamnes.


Tekst og foto: Vidar Sogge