Stavganggruppa_9498

Stavgang til gammelfabrikken og Tjønnmyra

Torsdag hadde Stavgangruppa tur til Brusetmarka, Storfossen og Tjønnmyra på programmet. Med Gammelfabrikken som base og eit 40-tals frammøtte bar det ut på trimtur. Trimturen vart lagt opp Falla, med turopplegg etter eige ønskje med tanke på lengde og varigheit.

IMG_7741.jpg

Nokre tok turen opp på Tjønnmyra og tok det nye lysløypeanlegget til Todalen I.L. i nærare øyesyn og vidare etter skogsvegen ned mot Bjøråa og attende til Gammelfabrikken. Som sagt var «basen» på Gammelfabrikken, der Talgø opna dørene til Utstillingssentret, slik at kaffe og niste kunne nytast innomdørs i varme og trivelege lokaler.

På Gammelfabrikken pågår det eit sesongskifte i disse dager – nye kolleksjonar skal inn og gamle ut. Men det var ikkje til hindring for at Stavganggruppa vart invitert inn i varmen på lunchpause og litt kvile etter trimturen.

DSC_9510.jpg

Neste veke står busstur til Kårøyan på programmet. Her er ikkje informasjonen og oppmøtestad klare i skrivande stund, men vi legg ut info i kalenderen så snart det er klart.

Tekst og bilete er lånt frå Todalen.no

Todalen logo.jpg

Sjå fleire bilete frå turen på Todalen.no


Foto: Sigrun Ørsal og Jon Olav Ørsal