328_690x460

Stavgang i Todalen

Torsdag 11. september møtte ein sprek gjeng stavgangarar opp til nok ein tur i regi av Surnadal Pensjonistlag. Bileta frå den fine turen dei hadde deler dei meir enn gjerne med Trollheimsportens lesarar.

Denne gongen møtte stavganggruppa opp på Todalshytta, ei av dei fire hyttene som forretningsmannen og sportsfiskaren Ethelbert Lort Phillip fekk bygd først på 1900-talet. Dei andre hyttene er Vangshaugen på Sunndalsfjella, Trædal i Sunndal og Phillipshaugen i Øksendal.

På marsjen langs elva passerer vi eit par kunstig oppbygde hølar før vi kryssar elva (”Fillip-brua”) og kjem til Ramsøya. Matpausen tek vi på Todalshytta.

Neste veke møtes vi ved parkeringsplassen til Kvenndalsvegen. Der organiserer vi oss i færrast mogleg bilar og køyrer samla til gapahuken Kvennbu i Kvenndalen der vi startar marsjen kl 13.00. Marsjen går langs vegen innover dalen. Alle er velkomne, og du treng ikkje bruka stavar. 

322_690x460.jpg
På tur ned frå Todalshytta.

323_690x460.jpg
Vi passerer Bruset.

328_690x460.jpg
Ved gapahuken "Fosstrøinn".

330_690x460.jpg
Brit Nordvik, Bjørg Bruset, Lisbet Ranes (delvis skjult), Per Bruset, Sven Ranes, Inger Øye, Mary Dalsegg og Sigrun Ørsal ved gapahuken.

331_690x498.jpg
Olina Halle, John Dønheim og Brit Herrem Johnsen ved gapahuken.

333_690x460.jpg
Stavganggruppa på veg over "Fillip-brua" (Kalvgeilen).

334_690x460.jpg
Vi snur ved Ramsøya og følgjer vegen på nordsia av Toåa attende til Todalshytta.

336_690x460.jpg
Følgjet svingar opp til Todalshytta.

337_690x460.jpg
Frå matpausen på Todalshytta.

338_690x459.jpg
Inger Øye, Olina Halle, Olav Øye og Mary Dalsegg har funne fram termos og matpakke.

 

Tekst og foto: Randi og Vidar Sogge.