Onsdag
Onsdag Regn
Regn
Lett bris
Torsdag
Torsdag Skyet
11°
Skyet
Lett bris
Surnadal kommunevåpen

Statusrapport frå kriseleiinga i Surnadal kommune onsdag 25. mars

Det er framleis ikkje påvist smitte i Surnadal kommune. Kommuneoverlege Bjørn Buan både håper og trur at både nasjonale pålegg og lokale karantebestemmelser vil redusere smittespredninga, samtidig som vi no nytter tida godt for å planlegge effektive smitteverntiltak i ein seinare fase av denne pandemien.

Vi får ein god del spørsmål knytta til forskrifta om forbod mot opphald i fritidsbolig.  Personer forbys å overnatte på fritidseigedom i anna kommune enn der vedkommande er folkeregistrert.  Dette gjeld i alle kommunar over heile landet.  Vi ber alle om respektere denne forskrifta, og vi kan heller ikkje gi dispensasjon frå dette.  

Kommunen sin «korona-telefon» (913 79 001) får også fleire spørsmål om karantenebestemmelsane, og her vil vi berre oppfordre om å ta kontakt om du er tvil om forståinga av regelverket. 

Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule fekk i dag vite at alle eksamenar for 10. trinn og alle skriftlege eksamenar for vidaregåande skule er avlyst. Alle får likevel vitnemål. Kunnskapsdepartementet jobbar vidare med løysingar for privatistar og lærlingar. Munnleg eksamen i vidaregåande skule er det enno ikkje teke en beslutning om.

Elles fortel kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik om at elevar og lærarar jobbar godt med digital fjernskule, etter ei bratt læringskurve for alle. Det har vore ein imponerande innsats frå ein motivert stab og elevane er flinke og gjer sitt beste i det som no faktisk har vorte ein ny og annleis skulekvardag.

NAV melder om bekymringsfulle tal når det gjeld antal permitteringar, både Møre og Romsdal fylke samla og i Surnadal kommune. Sjølv om vi heldigvis ikkje har påvist smitte enno, har vi likevel fått merke store ringverknader av pandemien i næringslivet.

Det vil vere eit viktig fokus framover å arbeide for å støtte lokale bedrifter og næringsliv og bidra slik at bedrifter får henta ut positiv effekt av aktuelle tiltak retta mot næringslivet.  Det er forventa ein utvida krisepakke frå Staten kommande fredag.