Tirsdag
Tirsdag Klarvær
Klarvær
Laber bris
Onsdag
Onsdag Regnbyger
Regnbyger
Laber bris
Surnadal kommunevåpen

Pr 24.03.2020:

Statusoppdatering frå kriseleiinga i Surnadal kommune

Det er framleis ikkje påvist smitte i Surnadal kommune.

Gjennom vedtak i dag vidarefører kommuneoverlege Bjørn Buan i Surnadal kommune dei vedtaka som vart fatta l16. mars 2020, etter lov om smittevern. Vedtaket gjeld inntil 31. mars. Heile vedtaket finn ein under nyheiter og statusrapportar på kommunen sine korona-sider.

Nasjonale myndigheiter kunngjorde i dag at dei strenge nasjonale tiltaka vi har levd med den siste tida ser ut til å ha bremsa smitten og er difor forlenga til og med 13. april. Grunngjevinga er den same som før; å begrense smitte og vinne tid.

Dugnaden held fram som før.